Middagsåsen frå Målandsdalen (13.09.2022)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Middagsåsen (524m) 13.09.2022

Rask ettermiddagstur mellom regnbygene, 35 min. til endes på traktorvegen, 20 min. vidare til topps på Middagsåsen frå aust og ein times tid på returen.

Hammaren ovanom skardet aust for Middagsåsen, like under toppen, som var snøkledd og stoppa meg sist, var like uaktuell på fuktig haustføre, men litt lenger mot sør fann eg ein grei oppgang.

Ellers såg eg to kongeørner i luftig svev over Såta, akkurat som sist eg var der. Det lovar godt for hekking her i dette relativt kuperte og lite besøkte området.

Mot turmålet bakerst til høgre
Mot turmålet bakerst til høgre
Frå Middagsåsen med utsikt mot Såta og Tysdalsvatnet. Dei to ørnene svevar over Såta, men viser ikkje på bildet
Frå Middagsåsen med utsikt mot Såta og Tysdalsvatnet. Dei to ørnene svevar over Såta, men viser ikkje på bildet
Mot Målandsdalen med Døldaråsen sentralt
Mot Målandsdalen med Døldaråsen sentralt
Tilbakeblikk mot Middagsåsen frå 532-toppen
Tilbakeblikk mot Middagsåsen frå 532-toppen
Frå same staden mot Prammaleitet
Frå same staden mot Prammaleitet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.