Hesten, Tritindan og Sandvikhaugen (31.08.2022)

Geschrieben von simenee (Simen Einmo Engdal)

Startpunkt Dalen parkering (259m)
Tourcharakter Fußtour
Tourlänge 8h 56min
Entfernung 19,9km
Höhenmeter 1.916m
GPS
Besteigungen Hesten (1.621m) 31.08.2022
Nordre Sandvikhaugen (1.637m) 31.08.2022
Tritindan (1.610m) 31.08.2022
Nokre turmål er det knytta meir spenning til enn andre. Hesten i Innerdalen er eit slik turmål. Med lite dokumentasjon å finne om ruteføring og andre utfordringar på vegen hadde det opp gjennom tida opparbeida seg ein slags mystikk rundt toppen som stig opp på vestsida av Grasdalen. Ein hadde håpa på å kunne freiste lykka opp hit ved fleire anledningar tidlegare, men først no skulle moglegheita verkeleg by seg, ein solvarm og vindstille dag heilt på tampen av siste somarmånad.
Hesten sett frå lia opp til Grasdalen.
Hesten sett frå lia opp til Grasdalen.
Start frå Dalen parkering i ein temperatur som avslørte at somaren var på hell, og med shorts og korterma var det heller gledeleg å møte sola oppe i lia som fører opp til Grasdalen og etter kvart Viromsetra. Litt forbi setra på ein sti som stadig bli meir beskjeden innover, før eit par bekkekryssingar stod for tur. Etter litt kniving med småbjørk og eit møte med ei tilsynelatande overraska elgku, stod vi ved starten på ryggen opp mot Hesten.
Kronisk spektakulær utsikt inn mot Vinnubreen.
Kronisk spektakulær utsikt inn mot Vinnubreen.
Enkel vandring i starten og etter kvart litt smalare og nokre fine klyveparti å forsere. Med unntak av eit kort besøk litt ut i ei skyggelagt nordside holdt vi oss stort sett midt på ryggen før ein litt brattare hammar stod framfor oss. Kalde guffs og våt mose i nordsida freista lite, så det bar etter sola ut til venstre.

Etter eit lengre opphald i sørsida tok vi oss opp på ryggen igjen, og fulgte denne eit stykke før det igjen stod ein ganske bratt hammar framfor oss. Same oppskrift som sist og ut i sørsida - sol og tørt berg var framleis å foretrekke over skugge og våt mose. Her fantes fleire alternativ for å kome seg opp på ryggen att. Vi valgte å klyve opp ei markert renne som i etterpåklokskapens ånd nok ikkje er det enklaste alternativet. Truleg kunne vi runda opp mot ryggen før man når denne renna, eventuelt fortsatt forbi og gått opp same vegen vi endte med å gå ned når vi skulle vidare til Tritindan. Uansett, opp gjekk det, og når vi no igjen var tilbake på ryggen tok det ikkje lang tid før vi såg ein varde og forstod at toppen var nådd.

Framifrå utsikt i alle himmelretningar, også mot ruta vidare som skulle føre oss til Tritindan og deretter til Sandvikhaugen. Ned frå Hesten tok vi oss uproblematisk ned via sørsida til skaret mellom Hesten og Tritindan. Derifrå opp ein fin egg til dagens andre topp. Herifrå blei det beslutta å gå ned til kanten av breen framfor å gå ei litt usikker framtid i møte vidare på ryggen mot Sandvikhaugen. Ned ei usedvanleg laus steinur og deretter heilt i kanten av breen over til ein barlagt rygg opp mot eit kort krysningsparti ikkje langt frå Sandvikhaugens topp.
Tilbakeblikk mot dagens to første bestigninger.
Tilbakeblikk mot dagens to første bestigninger.
No var ikkje vegen lang opp til dagens siste varde, og Sandvikhaugen blei kryssa av. Inntak av siste seigmannrasjon før låra blei satt i arbeid for å ta seg ned 1000-metersbakken mot Sandvikdalen - ikkje like givande i joggesko som på ski. Deretter gjenstod berre lia ned mot bilvegen, og ei handfull kilometer i lett jogg tilbake til Dalen før ein kunne konkludere ein storslått dag i eit fantastisk fjellandskap, som nok får ein plass aller fremst i minneboka.
Frå Sandvikhaugen.
Frå Sandvikhaugen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.