Kjerringklumpen i flott vær (08.08.2022)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 29min
Distance 7.4km
Vertical meters 518m
GPS
Ascents Kjerringklumpen (601m) 08.08.2022

Denne turen burde vi kanskje gått før, men når det no endeleg blei Leksviks tur, var forholda ganske perfekte. Etter fint besøk på museet Kystens arv i Stadsbygd, køyrde vi av ved Sæter, og inn til Reveltun. Der følgde vi tipset frå Knut Sverre og køyrde heilt inn til stigdelet ved Hindremselva. Starta å gå den bratte traktorveien opp til skiltet med «Kjerringklumpen», kryssa elva/bekken med litt mykje vatn til at det var heilt uproblematisk. Så opp veldig bratt li til vi kom opp i opent lende, derifrå heldt vi jamnt oppover i berg- og myrterreng. Ned i Helvetesgjuvet og bratt opp til toppen derifrå. Veldig fin temperatur og vær. Sikten var perfekt og Trondheimsfjorden låg som ein spegel. Det som trakk ned (det er jo alltid noko), var veldig vått terreng og søylute stig. Nokre fluger var det også, men ein liten trekk på toppen, gjorde pausen der heilt fin. Vi gjekk opp på 1 t og 20 min. Omtrent det same ned, for det gjekk smått i bratt og søylute far. Datt på rumpa ein gong, ikkje uventa. Brukte 3 t 29 min inkl pause. 7,4 km, 518 hm. Tom, Anne og Eirik var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.