Jakta på Hundesteinen (19.06.2022)
Skrevet av ersystopo (Erlend Råheim)
Bestigninger | Hundesteinsegge (1626moh) | 19.06.2022 |
---|---|---|
Hundesteinsegge Søraustre (1571moh) | 19.06.2022 | |
Høgegge (1643moh) | 19.06.2022 | |
Kyrklanten (1432moh) | 19.06.2022 | |
Skutshorn (1630moh) | 19.06.2022 | |
Skyrifjellet (1560moh) | 19.06.2022 | |
Svarteknippa (1638moh) | 19.06.2022 |
Planen var fyrste lange tur på beina for året, i Austlandet si finaste vestlandsbygd - Vang i Valdres. I utgangspunktet hadde eg rekna med tilgang frå vegen til Øyangen, men andre turskildringer synte at det ikkje gjekk med bil. So, det fekk bli Sanddalen, med litt færre toppar.
inngjerda parkeringsplass ved stølen i Sanddalen. Greit om dei lokale geitene likar å hoppe på panser.
Nokre tidsestimat ligg alltid i hovudet. Oppover mot Skutshorn, på sti som i byrjinga er godt merka med stikk og kvitmåling, skjønar eg at eg framleis er 25 år og på distansetrening når eg planlegg. Stien går i oppløysing, og når eg tek meg over den siste steinflya til toppen, har det gått meir enn ein time og mykje lengre tid enn planlagd.
Skutshorn dönn. Kan ikkje hugse at eg såg Mellefanten. Og sjølvsagt hadde eg enno ikkje sett nokon Hundestein.
Vidare mot Skyrifjellet går det i byrjinga i lett, delvis springbart terreng nordover. Den grunne dalen med eit par tjønn vert kryssa, og nokre større snøflater gjev bra framdrift. Over passet ved dei to små tjønna. Stigning, gang/skigang, flaksing, rype, reir. Ein meter frå å trakke på egga, som no ligg der utan skydd. Ikkje bra, men ein må stole på at ho tek seg attende raskt. Eg gjekk rett på utan å ta med 1553 som ligg ut mot Vangsmjøsi. Brødpause på toppen, Den einaste - resten av turen vert det barar, gel og svolt. Og ingen Hundestein so langt. Mellefanten gøymer seg - for ein gongs skuld. Suletinden har teke over rolla som posør.
Mot den naturstridig 100-meterplussjølstendige Kyrklanten er det mykje slakt, fint terreng etter kvart. Opp mot toppen får eg kjenning med hjarteflimmer, og pulsprofilen stadfester ei uprovosert tangering av aldersspesifikk makspuls. Ingen Hundestein her heller, og Mellefanten er makteslaus.
Utover den lange ryggen mot veg og myrterreng går det ein til-og-frå-sti, som gjer det enno meir springbart. Reinspor over alt der det er snø, og etter kvart kjem eg i kontakt med dyra, i små flokkar. So opp mot Hundesteinsegge. Det stig ei kjensle av at sjølve toppen kan vere Hundesteinen. Bratt rampegåing mot høgre, so venstre og rett opp. Det er mogeleg å klyve litt her. So - endeleg på det truleg beste utsynspunktet i dag. Ein slepp å verte plaga av Mellerakkaren, men nokon Hundestein ligg det ikkje her heller. Utsynet gjev lik merksemd på Hurrungane, med Falke-/Stølsnostind som gjesteartistar (lang sikteline, men finaste toppar), Midt-Sør-Jotunheimen og Gjendealpane. På dei neste, austlegaste toppane skulle Gjendealpane ta meir over.
Eg held på å dratte ned ein stupbratt austvegg nord for toppen, med ved å godta litt stigning kjem eg til ein fin og effektiv nedgang på snø. I osen på vatn 1494 ligg en stein med eit slags hovud, men nokon Hundestein kan det ikkje vere. Etappane kjennast lange no, og ein del opp og ned mot Svarteknippa tek krefter. Frå toppen er det merkbart kortare til Gjendealpane, som no er den imponerande delen av utsynet. So har Mellefanten sprengd ei spalte mellom Vennisfjellet og Mugnetinden, og no stig han opp som ei flirande vorte. Ingen Hundestein.
Flott og effektiv nedstiging på snø. Om ein går nord eller sør for Svartetjønnet, kan ein uansett få med ein topp. Eg går sør og styrer mot Hundesteinsegge - 1571. Slake snøflanker mot toppen, som er prega av benking i bergarten, som gjer det litt meir slitsomt å gå i rett line. Her ser eg rett ned mot Sanddalen og kjenner på freistinga. Men dagen er berre halvgamal, og vegen vidare går til Høgegge. Eg gjev opp å finne Hundesteinen.
Vatna er islagde, og etter å ha passert Svartetjønnet gjer eg eit retningsavvik og kjem opp til vatn 1488. Tydeleg at ein er sliten når ein feilorienterer sopass grovt. Vidare på luftlina mot Høgegge vert det mange drikkestoppar og tomt for energi frå sekken. Eg ser ein varde, her det det meste jamnhøgt, so eg vert usikker. Men dette er den ikkje-toppen som har fått grøn nål berre for å gje falske forhåpninger. Berg - og dalbane austover, som sjølsagt må gjerast i motsett rekkefylgje på vegen attende. So til slutt Høgegge, og eg fortel meg sjøl at utsikta er fin herfrå og.
Ein stad ned mot bekkedalen som fotturruta fylgjer eit stykke, ligg ein Kiwipose midt i stein, med tomme ølboksar. Eg kjenner at eg tenkjer på avstraffingsmetodar frå vikingtida, før landsloven dempa straffenivået. Men ein finger for kvar tomboks ...
Mista telefon i snø, klaging på fukt i kontakt, app som ikkje lastar, bil som berre sovidt reagerer på nøkkelkortet, for so å leggje speglane inn att. Kveld, blaut, næringstom. Kva no? Høgare makter: blink blink speglane ut - tindeekspress - landeveg.
GPX-fila for stor .. generalisert og bygd opp att.
Kommentarer