Robba og Blåfjellet (05.06.2022)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Blåfjellet (715m) | 05.06.2022 |
---|---|---|
Robba 680 (680m) | 05.06.2022 | |
Visits of other PBEs | Robba 673 (673m) | 05.06.2022 |
Hadde eigentleg planlagt ein litt lenger tur i dag. Men då eg vakna var det tåke og regn. Værmeldingane lova finare vær ut på dagen. Så vi tok sjansen på ein tur i ytre. Køyrde via Lavik og opp Lavikdalen. Det regna/yra heile vegen nesten til vi parkerte bilen. Fin tur opp frå Bog og opp merka sti til Robba. Vidare merka sti mot Blåfjellet. Etter kvart tørka stien opp og steinane var noko betre å gå på. Fantastisk utsikt stor sett heile vegen opp.
User comments