"Ein like stor opplevelse" Jostedalsbreen - Grensevarden! (20.05.2022)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Befring (338m)
Endpunkt Befring (342m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 10h 19min
Entfernung 35,5km
Höhenmeter 1.714m
GPS
Besteigungen Aust for Grensevarden (1.759m) 20.05.2022
Grensevarden (1.740m) 20.05.2022
Kaldekari (1.670m) 20.05.2022
Snoadvarden (1.520m) 20.05.2022
Besuche anderer PBE Kvannebakkbu (1.510m) 20.05.2022

"Hvorfor skulle ikke hestehoven som spretter opp i grusen utenfor inngangsdøren kunne gi en like stor opplevelse som en palme på en strand i indonesia eller en saxifraga oppe i Jotunheimen" Arne Næss

Denne dagen kom og vart etter ein rimelig rask beslutning etter ver. Det fine gamle vennskapet var også førstespørsmålet med som turfølget mitt denne dagen i strålande ver.
Ein tur og eit turfølge som hadde og har stor betydning for meg personlig. Den personen som viste meg nærfjella i Jølster, deriblant det første 2K fjellet mitt, Store Austanbotntinden for så vidare rett avgårde til Marietinden og inspirasjon til andre større fjell som Aconcagua i Sør Amerika med så mykje meir. Snakk om å formidle den fine arven til den rette sjela :) Takk for at du var turfølget mitt også idag og kunne fortelle meg vidare historia og mange fleire opplevde detaljer om forandringane på breen. Du var også den som tok meg med på Jostedalsbreen på langs under 19 timer i godt selskap for eindel år tilbake. Du har mykje å fortelle som eg setter veldig stor pris på fordi det er vårt aller nærmaste nærområde og til den store gleda eg har dragning til. Fjella og breen her heime :)

Ved Befringstøylen og Rambjørgebotnen
Ved Befringstøylen og Rambjørgebotnen
På veg oppover mot Strupen ved Skaret ifrå Befringstøylen
På veg oppover mot Strupen ved Skaret ifrå Befringstøylen
På breen ved Kvannebakknova
På breen ved Kvannebakknova
Eit sprekt turfølge! Håper eg ivaretek den naturgleda, livskondisen og viljen om like eit titalls år :)
Eit sprekt turfølge! Håper eg ivaretek den naturgleda, livskondisen og viljen om like eit titalls år :)
Mot målet eit stykke bakpå breen! Fint å bruke dagen her oppe i godveret! :)
Mot målet eit stykke bakpå breen! Fint å bruke dagen her oppe i godveret! :)
Ifrå varden ved Grensevarden
Ifrå varden ved Grensevarden
Ved toppen av Grensevarden mot Opptaksbreen og Opptakshaugane.
Ved toppen av Grensevarden mot Opptaksbreen og Opptakshaugane.
På toppen av Grensevarden 1759
På toppen av Grensevarden 1759

Ein blir liten i denne sammenhengen!

Ifrå Grensevarden er det fabelaktig å skue Store Skagastølstinden i blikkstille.
Ifrå Grensevarden er det fabelaktig å skue Store Skagastølstinden i blikkstille.
Ifrå Grensevarden er skuet heimover igjen!
Ifrå Grensevarden er skuet heimover igjen!
Mot markante Supphellenipa 1731 ifrå Grensevarden 1759
Mot markante Supphellenipa 1731 ifrå Grensevarden 1759
Ifrå Kaldekari 1669 mot Snønipa 1827 til venstre i bildet
Ifrå Kaldekari 1669 mot Snønipa 1827 til venstre i bildet
Fint å luffe avgårde i dette riket! Denne dagen var ein av dei finaste i natur, turfølge og historie for min del!
Fint å luffe avgårde i dette riket! Denne dagen var ein av dei finaste i natur, turfølge og historie for min del!

Mot Kvannebakkbu

Ifrå Snoavarden
Ifrå Snoavarden
Ifrå Kvannebakkbu
Ifrå Kvannebakkbu
Fine kontraster på heimveg!
Fine kontraster på heimveg!
Litt tid endå før ein kan køyre heilt opp til øverste parkering ved Befring. Kanskje kan ein parkere halvegs om litt!! Men heilt greit å gå ifrå nederste parkering om ein har litt kondis og turgøtts!! :) :)

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Vakker natur !

    Geschrieben von Esone 25.05.2022 23:50

    Takk for bilder som viser fantastisk natur, og enorm kontrast til vårt daglege. Eg har enno ikkje vore på Jostedalsbreen, noko eg berre MÅ. Har svært lyst. Må følgje med på kva som blir arrangert. For her tenkjer eg at det er greitt å ha med seg kjentfolk.

    • -
      avatar

      Sv: Vakker natur !

      Geschrieben von Eikås 26.05.2022 00:38

      Ja, då lyt du oppleve området her snart! Fin tid no framover :) Denne ruta er for så vidt grei! Men, til tross for at eg har vore eindel på tur åleine i området til ulike årstider. Kjenner eg nok på at det er ekstra stas å ha med turfølge. Skred går det også og det er jo komplekst til tider. Eg fekk nokre tips og tanker ifrå mitt tufølge på alle forandringer på nokre år på mulige sprekker. No endå ligg det eindel snø og gode forhold. Fleire turer innover breen blir det garantert! :)

  • -
    avatar

    Fantastisk landskap!

    Geschrieben von Freeflex 25.05.2022 00:58

    ..og veldig fine bilder du har dokumentert det med :)

    • -
      avatar

      Sv: Fantastisk landskap!

      Geschrieben von Eikås 25.05.2022 23:28

      Tusen takk for trivelig tilbakemelding! :) Det er eit eller anna med den breen som lokkar og dreg! Når det er gått ei viss tid! Så kjenner ein på ei indre uforklarlig dragning, til å komme seg fortast mulig opp. Nesten ein akutt følelse!! :) Det var nok litt sånn for oss begge to i turfølget. Samt ein tur oppom Kvannebakkbu låg inne, for å sjå til at alt var ok der. Du lyt ta turen i desse trakter også :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Fantastisk landskap!

        Geschrieben von Freeflex 25.05.2022 23:45
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.