Gråhøe i Reinheimen (22.05.2022)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Billingen (739m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 0h 1min
Distance 37.0km
Vertical meters 1,812m
GPS
Ascents Gråhøe (2,014m) 22.05.2022 19:48
Gråhø (1,945m) 22.05.2022 19:48
Blåhøe (1,959m) 22.05.2022 19:48
Visits of other PBEs Billingen parkeringslomme (730m) 22.05.2022 19:47
Skarvedalshytta (1,480m) 22.05.2022 19:48

Det tikka inn ei melding frå Kroksleiven laurdag om Gråhøe++ i Reinheimen med Ove og Gustav. Etter å ha lest mengder av turrapportar med denne gjengen var dette vanskelig å seie nei til. Så då var det avreise og god stemning søndag morgon 7:30 frå Stårheim.

Med unntak av ein måltrost som fikk kjørt seg i takgrinda på veg til Stryn gikk køyreturen utan den store dramatikken. På Billingen var det berre å trakke seg oppover med skia på sekken før ein kunne ta dei på der det byrja å flate litt ut.

Ove og Gustav byrja straks å snakke om alderdom, skader, dårlig form og tung tids tale, før dei langa innover dalføret i ei voldsom fart - ikledd det siste av skiteknologi: plast, karbon, kevlar, glaider og alt mogleg...

Tre som endelig har kome seg på tur saman
Tre som endelig har kome seg på tur saman
Skarvedalshytta
Skarvedalshytta

Med denne farta tenkte vi at dette går jo vegen, men då vi såg på GPSen etter ein drøy time var det berre å konstatere at føret ikkje var av det raske slaget.

Vi kryssa fleire ferske jervespor innover - eit virkelig flott og aude fjellområde! Etter ei stund var vi framme ved Skarvedalshytta, der vi tok ein matbit og såg litt på skodda som låg i høgda.

Vi kom til at det var best å gå mot Gråhøe først, då det var minst skodde der. Dette var eit godt val då det gav veldig fin stigning heile vegen til topps. Snøspurvkvitter og god stemning. Litt vekslande sikt her oppe, men når det blikka opp var det skikkelig storformat på utsikta.

Livet startar på 2000 meter, som ein seier
Livet startar på 2000 meter, som ein seier
Mot Blåhøe
Mot Blåhøe
Reinheimen
Reinheimen

Deretter sklei vi vidare ned til skaret og opp på Gråhø. Flott skiterreng! Lite sermoni her - framleis skodde, før vi glei vidare mot Blåhøe. På veg hit skar Kroksleiven og Boven av mot venstre og forsvann bak nokon morener - noko som gav dei eit voldsomt forsprang. Vi tok dei att på toppen, der dei stod på varden og hang over stavane sine.

God stemning på Blåhøe
God stemning på Blåhøe

Så vart det telemarkssvingar i slusjen ned mot Skarvedalshytta - noko som kjendest meir som vannski til tider. Ny matpause her før vi sklei oss tilbake mot Billingen.

Og her såg vi plutselig ein prikk bort i fjellsida - det var jerven som sprang oppover mot Høggøymen. Rein derimot såg vi ingenting av.

Utmarsjen, med dagens tre i bakgrunnen
Utmarsjen, med dagens tre i bakgrunnen

Deretter vart det strakaste vegen til Esso Stryn for spesialiteten "burger med alt på".

Takk for turen!

Start date 22.05.2022 09:46
(UTC+01:00 DST)
End date 22.05.2022 18:26
(UTC+01:00 DST)
Total Time 8h 40min
Moving Time 6h 47min
Stopped Time 1h 53min
Overall Average 4.3km/h
Moving Average 5.5km/h
Distance 37.0km
Vertical meters 1,811m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.