Blåskavlen (17.05.2022)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 37min
Distance 22.6km
Vertical meters 950m
GPS
Ascents Blåskavlen (1,809m) 17.05.2022 14:33

Fantastisk.. Når ein er så vaksen, at det ikkje er forpliktelsar overfor born. Då gjer ein litt som det lystar seg. Å feire grunnlovsdagen i slike omgivelsar, gjer at ein kan reflektere over mangt og mykje. Kva fantastisk land vi leve i. Nydeleg natur, tryggheit, og gode lover frå 1814, gjer at vi har det betre enn dei fleste på denne kloden. Takk for det, og hurra for 17. mai ! I dag såg eg ikkje skyer, og føret var heilt supert. Solotur i dag sidan sambu var på arbeidsvakt. Rando går fint, sjølv på ei såpass kuppert rute. Hadde ikkje feller på att, på returen. Løyste opp lås på sko, og kom meg opp dei få kneikene i mot, på returen. Noko fiskebein, og staking. Men det var mest køyring nedover att da. Svært morro, og klokka sa 65,6 km/t som maks. Måtte i hockey for å komme godt inn i ein motbakke. Blåskavlen i finver er berre himmelsk. Det var 6 andre personar innom toppen medan eg var der. Alle dei kom frå Aurland-sida. Den oppgangen MÅ eg prøve snart. På retur møtte eg tre personar på veg opp, same ruta som eg gikk, frå Modlaugsbotn, frå Lærdal-sida. Knapt tre timar opp, og knapt ein time nedatt. God pause på toppen. Utsikta derifrå i dag, 360 grader rundt. Heilt vanvittig flott.

Inn Modlaugsbotn.
Inn Modlaugsbotn.
Soleibakkane.
Soleibakkane.
Fagerdalsnutane.
Fagerdalsnutane.
Blåskavlen.
Blåskavlen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.