Mannslagarnuten (25.10.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Hestestodnuten (1,066m) 25.10.2012
Mannslagarnuten (1,074m) 25.10.2012

Sykla på en bomveg sør for Homflå opp Baklidalen til Sandtjørn. Fra austenden av tjørna skal det ifølge turkartet Seljord gå en kjerreveg ca 100 hm oppover, men den var så gjengrodd at eg ikkje såg den igjen på nordsida av bekken. Det var likevel farbart oppover i skogen og eg kom opp på Mannslagarnuten frå austsida. Lite snø her, men det såg ut til å vere atskillig meir i Lifjellområdet. Tok en runde over Hestestodnuten og gjekk ned via Mannslagarroi tilbake til Sandtjørn. Det var etter måten en tyngre tur ned enn opp så eg var litt uheldig med veivalget ned igjen. Brukte ca 6t på turen i lettskya ver, men rett før eg kom på toppen var det ei kort snøbøye. Det var nordvest stiv kuling og svært kaldt på toppen. Det var fotspor i snøen så det må ha vore andre folk på Mannslagarnuten i løpet av siste veka. Funderte på å ta Brakandalsfjellet også på denne turen men det såg veldig uveisomt ut gjennom tett skog fra Brakandalen, så eg trur eg vil ta den toppen fra Nystaul ved ein seinare anledning.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.