Everesting Strengen (15.04.2022)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 15h 26min
Distance 109.0km
Vertical meters 8,880m
GPS
Ascents Strengen (890m) 15.04.2022

Enkelte langfredagar er lengre enn andre - eit prosjekt som hadde vore på radaren i lengre tid vart til slutt gjennomført denne påska. Med eit ver som frista til å vere ute heile dagen, så var det berre å planlegge for nettopp det.

"Everesting" har sitt utspring i sykkelmiljøet, og består ukomplisert nok av å ta seg opp (og ned) ei samla stigning på 8848 høgdemeter ved hjelp av ein og samme bakke, gong etter gong. Tilsvarande Mount Everest, for den som eventuelt ikkje er stødig på å lage verb av substantiv

Med inspirasjon både frå syklistar og folk som har gjennomført på ski, så har det etterkvart utvikla seg til eit prosjekt som berre "måtte" gjennomførast ein eller annan gong.

Strengen har under planlegginga blinka seg ut som ein relativt godt egna plass. Ideelt sett er stigninga litt for slak, slik at det blir unødvendig mange kilometer og lang tidsbruk. På den positive sida så har ein mulegheita til å parkere bilen med proviant og utstyr heilt inn til startpunktet, noko som er avgjerande for å ha enkel tilgang på mat og drikke undervegs. Med ein stor times tidsbruk på kvar runde ville pausane kome på gode tidspunkt for næringsinntak. I tillegg går det tråkkemaskinspor i store delar av traséen, og ein får gått i sola heile dagen. Skredfare ville heller ikkje vere nokon faktor av betydning, så det var vel aldri nokon tvil om at Strengen skulle bli arenaen.

Med vekkerklokka på 03:00 vart det ei kort natt. Men ikkje kortare enn at eg vakna før klokka - noko som vitna om at motivasjonen truleg var brukbar. Med nordlyset over Strengen som sannhetsvitne vart første stavtak unnagjort 03:52 frå parkeringa på Vang. Her var det for øvrig ingen utfordring å finne ledig parkering. Med 740 høgdemeter per runde ville det bli behov for 12 repetisjonar for å kome forbi den magiske grensa. Jammen bra det var langfredag.

Månelyst over Neslandet på vegen ned etter første runde
Månelyst over Neslandet på vegen ned etter første runde

Dei første rundane vart ei naturoppleving som det går an å leve ei stund på. Nordlys ved avgang, og eit måneskin så sterkt at det kasta skugge på kvit snø. Etterkvart meldte sola sin ankomst, først i form av eit fantastisk lys i horisonten, og deretter med dagens første solstrålar på dei høgste toppane i Trollheimen.

Ruteføringa som vart planlagt på førehand vart endra allereie før sola hadde stått ordentleg opp. Gårsdagens solvarming kombinert med ei kald klårversnatt gjorde sitt til at gårsdagsspora direkte frå Klåberget og opp til Strengen var harde og isete. Etter å ha hengt på stavane og kava rundt på knallhardt og sporete underlag på første runde valgte eg å gå tråkkemaskinsporet rundt til topps på dei neste rundane for å spare litt krefter. Ein stor kilometer lenger rute, men langt meir lettgått. Det var ein byttehandel eg kunne leve godt med. Etterkvart som sola tok tak vart det meir variasjon i ruteføringa til toppen, men berre 5 av dagens 12 rundar vart gått "rett opp", slik som planlagt. Solvarminga førte etterkvart og til usedvanleg treig snø i nedre del, så tidsbruken på nedfarten vart dobla utover dagen.

Med sol frå skyfri himmel vart eg etterkvart ikkje åleine i lia opp mot Strengen. IL Søya hadde på førehand annonsert Everesting-prosjektet, så oppbudet av publikum som kombinerte fjelltur og heiagjeng-aktivitet vart større og større utover dagen. Rett og slett stor moro å bli heia fram og filma av folk eg ikkje har treft før - takk til alle som tok turen!

Lett å halde motet oppe med heiing langs løypa
Lett å halde motet oppe med heiing langs løypa

Naturleg nok vart det mange opp- og nedturar denne dagen, både i bokstaveleg betydning, men og både fysisk og mentalt. Frå å verke heilt uoverkommeleg langt i det eine minuttet til å kjennes lett ut rett etterpå. Å få litt selskap på eit par av rundane godt utpå dagen gjorde godt for avvekslinga sin del. Små delmål undervegs vart også kryssa av fortløpande. Ein fjerdedel, ein tredjedel, halvvegs... Premie i form av nye sokkar etter runde 4 og 8 - små gleder kan kjennest store ut.

I det store og heile eit prosjekt som vart gjennomført tett opp mot plana, utan anna problem enn såre føtter dei siste rundane. Tusen takk til Idrettslaget Søya for tråkking av løype, og takk for alle heiarop frå både kjente og ukjente!

Behageleg reise ned fra toppen i dagsferske tråkkemaskinspor
Behageleg reise ned fra toppen i dagsferske tråkkemaskinspor

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.