Nordre og Midtre Sølen (12.10.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Midtre Sølen (1,755m) 12.10.2012
Nordre Sølen (1,699m) 12.10.2012

Sykla på bomvegen frå Nysætra til Sølenhytta og gjekk over ei bru over elva og videre oppover i greit terreng til ryggen nord for Nordre Sølenholet. Snø over ca 1000 moh og skodd over 13-1400 moh, men det var lettgått i steinura opp til Nordre Sølen. Gjekk så ned i skaret mot Midtre og fulgte eggen opp mot denne et stykke men det blei etter kvart for vanskelig å følge eggen pga av den lause snøen og bratte steiner. Så eg måtte traversere et stykke bortover i sørsida før eg fant ei brukbar rute opp til toppen. Her var det mange fotspor så det hadde tydeligvis vore fleire folk her i løpet av dei sidte dagene. Planen var å gå over Søre Sølen også men pga den utrivelige skodda ville eg droppe det. Tenkte da å gå ned nordvestryggen men det blei til at eg fulgte spora ned uten å vere klar over kor dei førte hen. Var dessorientert pga skodda så eg merka ikkje før eg hadde kome et godt stykke ned at eg var på feil kurs i forhold til nordvestryggen. Kom da ned til Skarstjørna og det blei bare et par km ekstra i fht nordvestryggen. Fulgte T-sti gjennom Sølenskardet og en meir utydelig sti nordover mot Vesleskardfløyet et stykke før eg gjekk ned langs en bekk til Sølenhytta. Var tilbake ved Nysætra etter 8t på tur i et litt deprimerande ver der eg ikkje fekk den utsikten eg ville ha frå toppane.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.