Torstadnakken i skodde! Nordlys til dessert! (08.01.2022)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 16min
Distance 18.5km
Vertical meters 1,422m
GPS
Ascents Torstadnakken (1,568m) 08.01.2022

Yr hadde lova blå himmel og sol i distriktet! Lengta etter skiturer uten å stripe skia alt for mykje. Heime i Jølstrafjella har det vore for lite snø. Hadde meg ein test tur opp mot Blåfjellet 1086 i Husdalen/Jølster og fekk bekrefta at det var for lite snø. Eit par+ nye striper i skia, var eit faktum! Det var som tenkt betre skiforhold i Sogndalsdalen. Turfølelsen til dagen var eit hakk større! Mykje folk på alle toppturparkeringer med sikkert samme forventing til yr som vi. Mange var også på tur mot Grøssete og litt lengre opp til fortoppen 1328 moh av Torstadnakken. Der låg skodda etterkvart litt meir tett, og folk valgte å snu der. Vi var dei einaste til toppen av Torstadnakken denne dagen! Ingen spor å sjå vidare og knapt våre eigne tilbake! Det var ein labbetur med tungt telemarksutstyr med påfølgande kjekke gnagsår. Men, det hindra ikkje i å nå toppen! I utgangspunktet tenkte eg kanskje at det er meir ein fjellskitur, i eit sånt slakt terreng. Men, sånn vart turen denne gang. Joggeskoa passerte heldigvis gnagsåra for ein tur på Eikåsnipa til fots i snøen neste dag. Eg ser fram til neste fjellrunde i dette området med forhåpentligvis litt betre sikt :) Fordi det ser ut som eit spennande fint område inn mot Steindalsbreen. Nye fine turer til sommeren :)

Ovanfor Grøssete med utsikt over Sogndalsdalen
Ovanfor Grøssete med utsikt over Sogndalsdalen
Den siste km til dei to topp punkta av Torstadnakken gjekk etter Gps. Ikkje første gang og mest sannyligvis ikkje siste gang heller!
Den siste km til dei to topp punkta av Torstadnakken gjekk etter Gps. Ikkje første gang og mest sannyligvis ikkje siste gang heller!
Det første punktet 1568 før neste punkt 1565 ved varden.
Det første punktet 1568 før neste punkt 1565 ved varden.
Tilbakeblikk i blåtimen!
Tilbakeblikk i blåtimen!
Endelig kunne ein renne og nyte pudder snøen med litt meir sikt og hodelykt over Grøssete på ca 1200 moh og tilbake til bilen.
Endelig kunne ein renne og nyte pudder snøen med litt meir sikt og hodelykt over Grøssete på ca 1200 moh og tilbake til bilen.
Om yr bomma på den meldte sola til fjells på dagens tur! Var det ein stor bonus å nyte ein heil time nattehimmelen med nordlys før køying.
Om yr bomma på den meldte sola til fjells på dagens tur! Var det ein stor bonus å nyte ein heil time nattehimmelen med nordlys før køying.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.