Mehammarsåto og Fitjarhesten i vind (30.10.2021)
Skrevet av bakken59
Bestigninger | Fitjarhesten (678moh) | 30.10.2021 |
---|---|---|
Mehammarsåto (749moh) | 30.10.2021 |
Etter å ha fått gode råd frå vertinna på Fitjar fjordhotell, køyrde eg til Olstjørni der det er utbygd eit vindmøllefelt, og der det som følge av det no er fine smale grusvegar med belysning (!) til alle dei 20+ vindmøllene. Vertinna sa at utbygginga ikkje hadde vore kontroversiell, og at som positivt biprodukt var no fjellet mykje meir tilgjengeleg enn før. Det var mange bilar parkerte der oppe og dessutan eit mikrobakeri som selde fersk gjærbakst kvar laurdag. Eg følgde veg i eit par kilometer forbi Kinnavatnet og Midtvatnet. Der Svartavatnet starta, måtte eg over på stig. Stigen var godt merkt med raude pinner og vardar og skilt, og orienteringa var følgeleg ikkje noko problem i dag. Men med nedbørsrekord i oktober var terrenget og stigen kjempevåt, og det var litt slitsamt å passe så på kvart steg, passe seg for klissvåte myrer og hol, for sleipe søyleparti, og for glatte berg. Men traseen var veldig fin, heile tida over tregrensa og bølgande fint med slak stigning innover. Toppstøtet opp til Mehammarsåto var kort og bratt og glatt. Elles var dette snilt terreng. Eg var veldig takksam for låg sol og opplett, fin temperatur var det også, men ganske kraftig vind heile dagen. Åt nista mi på lesida av varden på Fitjarhesten. Møtte ein del folk nede i vegsystemet, både på veg opp og ned, men ikkje ein sjel i terrenget. Heller ikkje fugl eller dyr, så kjende meg litt aleine på planeten! 17,5 km, 825 hm, 5 timar og 15 brutto, 4 timar og 38 gåtid. Gjekk aleine.
Kommentarer