Kong vinter/Haust -Svinadalsholtane & Snarvegfjellet- Vik (25.09.2021)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Blåfjellet (1.547m) | 25.09.2021 |
---|---|---|
Snarvegfjellet (1.512m) | 25.09.2021 | |
Svinadalsholtane (1.566m) | 25.09.2021 |
Ein tur med melisdryss på fjelltoppane! Skodda veksla heldigvis, så det var mulig å nyte litt av den flotte utsikta over dei andre fjella i området. Ellers så er det alltid litt knotete å bevege seg i den våte nysnøen som ligg i steinura. Fort å trakke feil! Nysnøen forsvant ifrå toppane med den varme fønvinden neste dag. Var der til rett tid, med dei fantastisk flotte haustfargane.

Benutzerkommentare
Nydeleg flott i fjella !
Geschrieben von Esone 04.10.2021 17:44Fantastisk flotte bilder og natur i fjella i Vik kommune. Ein misser nesten pusten. Bruka du mobil eller kva type kamera ? Undra meg også på om ein kan køyre heilt fram til utgangspunkta dikkas langt inni Jordalen ? Bom eller avtale med grunneigar ? Og så MÅ eg gå vårskitur til Fresvikbrea snart, og tenkjer rute frå Jordalen.
Sv: Nydeleg flott i fjella !
Geschrieben von Eikås 04.10.2021 23:20Takk for trivelig tilbakemelding :) Bompenger var det å betale inn denne dalen på god veg. Det gjekk fint å køyre heilt inn til Vikjadalen. Også heilt inn og forbi Feiodalsvatnet 1073-1051 moh til dei andre fjell & turmåla. Vi har sett og tenkt på alternativet ifrå Jashaugen til Fresvikbreen & Syringefjellet 1543 som ein fin kombinasjon og vårskitur. Kjekt om det kunne blitt ein fin fellestur fleire ilag! :)
Sv: Sv: Nydeleg flott i fjella
Geschrieben von Esone 04.10.2021 23:38Takk for info. Jashaugen har eg merka meg ja. Blir gjerne med på vårskitur til Fresvikbreen som fellestur :)