Litlehesten og den høgaste vetle (19.09.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 46min
Distance 10.2km
Vertical meters 660m
GPS
Ascents Litlehesten (915m) 19.09.2021 12:12
Vest for Litlehesten (938m) 19.09.2021 14:42

Målet i dag var dagsturhytta Skaraly på ruta mot Kvamshesten (Storehesten). På vegen fekk vi råd om å gå ut på Litlehesten. Til Storehesten har eg vore tre gonger og Marita 10 gonger. Etter fleire turar denne helga, var ikkje topptur planlagt. Vekas mål var fem dagsturhytter, og målet nådd. Det er ein fin måte å bli kjend i Sogn og Fjordane på, og som rekognosering til turar og kulturelle opplevingar. Men det kribla, og topptur vart det. Landskapet her blir innan geologien definert som "devonisk sandsteiner og konglomerater". Det er skapt ved noko av dei mest dramatiske tektoniske prosessane i vår geologiske historie. At det er spesielt, opplever ein når ein går her blandt runde sva med myrar i mellom. Kuppert, fasinerande både på nært hald og på avstand. På tur ut til varden går stien under høgaste punktet på denne fjellkjeda bortetter. På retur stakk eg oppom toppunktet "Vest for Litlehesten" sidan den var høgast og hadde størst pf. Her oppe var det eit relativt flatt svaberg-område. Så vil eg nesten tru at høgaste punktet er nærast Litlehesten, og ikkje der den raude nåla står. Svippa innom begge kandidatar, men målte ikkje høgda. Spor frå Peakbook-app aktiv kun på retur, men data er korrigert. Finfin tur.

Kvamshesten sett frå Litlehesten.
Kvamshesten sett frå Litlehesten.
Kvamshesten sett frå Vest for Litlehesten.
Kvamshesten sett frå Vest for Litlehesten.
Toppområdet på Vest for Litlehesten.
Toppområdet på Vest for Litlehesten.
Litlehesten sett frå Vest for Litlehesten (høgast på fjellryggen).
Litlehesten sett frå Vest for Litlehesten (høgast på fjellryggen).
Fjellryggen mot Litlehesten (Vest for Litlehesten i midten og høgaste punktet).
Fjellryggen mot Litlehesten (Vest for Litlehesten i midten og høgaste punktet).

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.