Super tur til Storskarven (24.07.2021)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 22min
Distance 18.3km
Vertical meters 908m
GPS
Ascents Storskarven (1,171m) 24.07.2021

Køyrde frå Verdal opp Stjørdalen. Godt merka til Skarvan nasjonalpark, og vi parkerte på ein parkeringsplass som alt var ganske full ca 1030 då vi starta. Vi hadde verkeleg flaks med været i dag, ikkje ei sky, ca 20 grader, ikkje vind, men heller ikkje insekt. Nydeleg terreng, og sjølv om det var veldig vått i terrenget, og sjølv om store myrer prega dei første 5 km av turen, gjekk vi tørt på plankevegar som var lagt heile vegen opp til der dei brattare lyngbakkane starta. Trur det er den lengste samanhengjande plankestigen eg har gått på. Veldig grei trase opp til toppen. Fint topplatå med ganske mykje folk då vi kom opp. Vi brukte knappe 3 timar opp og hadde hatt nokre drikkepauser, men elles gått roleg og prata heile vegen. På toppen sat vi i nesten 50 minutt i shorts, t-skjorte medan vi lufta føtene. Nede i dalen sørvest for oss såg vi reinsdyr på ei snøfonn. Vi gjekk ned på kortare tid, og var samde om at det hadde vore ein eksepsjonelt flott dag. 18,3 km, 6 timar og 21 minutt brutto, 5 timar og 35 netto. 908 hm. Kjersti var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.