To turar i Telemark: Bjørgenuten og Øysteinnatten (21.07.2021)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 31min
Entfernung 13,9km
Höhenmeter 700m
GPS
Besteigungen Bjørgefjellet Nordvest (878m) 21.07.2021 12:46
Bjørgefjellet (896m) 21.07.2021 12:57
Øysteinnatten (1.173m) 21.07.2021 17:14
Nybufjellet (1.142m) 21.07.2021 18:32
Besuche anderer PBE Reinstul parkeringslomme (532m) 21.07.2021 12:01

Dag 7 på Telemarksferie. Første tur for dagen vart Bjørgenuten i Seljord. Det var ein kort og fin tur i varmen. Fint råk heile vegen opp, og flott utsikt frå toppen.

På Bjørgenuten Nordvest, med Skorvetoppen bak
På Bjørgenuten Nordvest, med Skorvetoppen bak
Bjørgenuten frå Nordvesttoppen
Bjørgenuten frå Nordvesttoppen
Mot Mælefjell frå Bjørgenuten
Mot Mælefjell frå Bjørgenuten
Skorvetoppen frå Bjørgenuten
Skorvetoppen frå Bjørgenuten
På Bjørgenuten
På Bjørgenuten
Seljordsvatnet frå Bjørgenuten
Seljordsvatnet frå Bjørgenuten
Seljord frå Bjørgenuten
Seljord frå Bjørgenuten

Den andre turen vart Øysteinnatten og Nybufjellet på Lifjell. Vi parkerte oppe ved restauranten, og gjekk på godt råk opp til Øysteinnatten. Litt kupert innover mot toppen. For min del vart det ein liten badepause i Skåråfjellholmen på veg oppover. Sikteskive, og god utsikt på toppen av Øysteinnatten

På veg oppover til Øysteinnatten
På veg oppover til Øysteinnatten
Kristine ved Skåråfjellholmen, på veg oppover til Øysteinnatten
Kristine ved Skåråfjellholmen, på veg oppover til Øysteinnatten
Mot toppen av Øysteinnatten
Mot toppen av Øysteinnatten
Utsikt nordover frå Øysteinnatten
Utsikt nordover frå Øysteinnatten
Utsikt nordvestover frå Øysteinnatten
Utsikt nordvestover frå Øysteinnatten
Mot Nybufjellet og Jøronnatten frå Øysteinnatten
Mot Nybufjellet og Jøronnatten frå Øysteinnatten
På Øysteinnatten
På Øysteinnatten

Vidare frå Øysteinnatenn gjekk vi til Nybufjellet. Det var godt råk eit godt stykke, før vi gjekk i terrenget ned til Skardtjønn. Derifrå gjekk vi også i terrrenget opp til Nybufjellet, men det var fint terreng å gå i. Vi runda høgde 1131moh på austsida for å slippe unna nokre ekstra høgdemeter. Nede i sida der fann vi også eit fint sauetråkk å følgje.

På Nybufjellet
På Nybufjellet
På Nybufjellet, med Øysteinnatten bak
På Nybufjellet, med Øysteinnatten bak
Utsikt nordover frå Nybufjellet, Gaustatoppen langt bak i midten
Utsikt nordover frå Nybufjellet, Gaustatoppen langt bak i midten
Utsikt frå Nybufjellet
Utsikt frå Nybufjellet
Mot Jøronnatten frå Nybufjellet
Mot Jøronnatten frå Nybufjellet

Ned frå toppen følgde vi også nokre sauetråkk her og der, og slapp stort sett unna kratt. Fint råk attende til bilen frå Oksladalen. På turen registrerte vi også nokre stolper på Stolpejakten. Etter turen vart det bad i den vesle dammen på parkeringsplassen, før det vart middag i Bø og overnatting i bilen like ved parkeringa til Tåråfjellet.

Turning på Nybufjellet, med Øysteinnatten bak
Turning på Nybufjellet, med Øysteinnatten bak
Turen på Bjørgenuten: 5,6 km - 411 hm - 1 t 44 min
Turen på Bjørgenuten: 5,6 km - 411 hm - 1 t 44 min

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.