To turar i Telemark: Husnuten og Vehuskjerringi (19.07.2021)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Husnuten (1.609m) | 19.07.2021 14:27 |
---|---|---|
Vehuskjerringi (1.355m) | 19.07.2021 18:50 | |
Besuche anderer PBE | Vådalen p-plass (921m) | 19.07.2021 12:12 |
Versto p-plass (712m) | 19.07.2021 17:37 |
Dag 5 på ferietur i Telemark. Denne dagen vart det to turar. Hovudmålet for dagen var Husnuten. Vehuskjerringi hadde vi eigentleg snakka om å gå på dagen etter.
For å gå på Husnuten køyrde vi inn den utroleg dyre Vådalsvegen, 100kr for under 2,5km. Vi vurderte å gå det innteikna råket frå Solheim, attmed Mossbekken, til Piggenuten, men det såg vi ikkje frå bilvegen. Så vi køyrde inn til Væting.
Frå parkeringsplassen hadde vi vurdert på å gå rett oppover i terrenget, men syntes det så keisamt ut, så vi følgde råket oppover i feil retning. Over skogen tok vi av frå råket, og gjekk rett opp til råket som går sørover frå Eivindsteinen. Dette råket følgde vi ei god stund, før vi gjekk rett opp mot Husnuten i eit veldig flott fjellterreng. Fin utsikt frå Husnuten.
Oppe på toppen dukka det plutseleg opp to andre folk. Dette var overraskande, da det ikkje virka som ein mykje vitja topp. Dei fortalde at dei hadde gått i frå demnigen ved Bitdalsdammen.
Ned frå Husnuten vurderte vi å følgje same rute, men fann ut at vi ville gå rett ned til parkeringa. Det var nok eigentleg ikkje nokon god ide. Det gjekk greitt å gå der, men det var bratt og enormt mykje kratt, så det hadde nok vore betre og meir behageleg å følgje råket.
Etter turen, som ikkje vart så tung som vi trudde, var Kristine ivrig på å gå ein tur til. Så etter ein salat-lunch i Rauland, gjekk vi i vegen mot Vehuskjerringi.
Vi prøvde først parkeringa som er registrert som Vehus p-plass, men i vegkanten der var det lagt ut stolper så ikkje gjekk å parkere. Ved innkøyringa til Versto derimot var det god plass.
Der råket byrjar ifølgje kartet var det skilt med flytta råk, så det vart litt meir på veg enn vi hadde håpa på. Råket oppover var veldig fint, og det var tydeleg at dette er ein populær tur. Det er forståeleg, for det er flott utsikt på toppen.
Etter turen vart det bad og middag i Åmot, og bilovernatting i vegkanten mot Øyfjell.
Benutzerkommentare