Vikestølheia, Kvammafjellet og Nipen (27.08.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Kvammafjellet (552m) 27.08.2012
Kvammafjellet sør (555m) 27.08.2012
Nipen (562m) 27.08.2012
Turtaheia (786m) 27.08.2012
Vikestølheia (832m) 27.08.2012
Visits of other PBEs Ritlandskrateret (418m) 27.08.2012

Gjekk frå Kleivaland i 9:30-tida på sti og grusveg opp mot Vassbotnvatnet. Litt forbi vegens høgaste punkt gjekk eg nordover opp på Storurdknoltane og så på Vikestølheia. Var oppom Turtaheia før eg gjekk ned mellom Vassbotnvatnet og Liarstrandvatnet og fulgte sti sørvestover til Ritlandsmyrane. I dette området var det ein metoritt som slo ned for om lag ein halv milliard år sidan og lagde eit krater som seinare er blitt fylt opp. Dette er eit geologisk veldig interessant område.
Det går en veg mot Ritland som eg fulgte et stykke før eg gjekk opp på Kvammafjellet som har mange toppunkter som eg måtte oppom for å vere sikker. Gjekk så sørover til Ritland. Derfra går det merka sti forbi Kløv til Trodla-Tysdal. Fulgte denne stien til stiens høgaste punkt i passet mellom Nipen og Reinsholten og gjekk så på austryggen opp på Nipen. Til slutt fulgte eg stien langs Risåna tilbake til Kleivaland.
Denne mandagen var det flott ver men det skya gradvis til utover dagen og blåste opp om kvelden. Brukte 12t på denne turen der eg og tok meg tid til en del blåbærspising.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.