Nydeleg topp i nydeleg vær! (13.07.2021)
Written by bakken59
Ascents | Smisetnebba (1,176m) | 13.07.2021 |
---|
Køyrde frå Sunndalsøra inn i Tingvoll kommune, tok av mot venstre til Smiset. Derifrå gjekk vi gjennom blandingsskog og bratte gras- og lyngbakkar. Forbi nedlagt støl eller plass med spor av gamle vegfar. Litt myrete før vi bikka over ein brink på ca 500 moh. Der såg vi toppen fint og følgde stigen bratt oppover. Tørt og fint å gå, litt berg var det jo oppunder toppunktet, men forbausande grei stig heilt til topps. Fantastisk toppunkt med rundskode i perfekt vær. Det einaste som trakk litt ned var ein del stikkende insekt i den første delen av turen, mest klegg. Vi sat lenge og rasta på toppen. To personar kom og gjekk medan vi var der, dei kom frå motsett side. Vi brukte 2 timar og 12 minutt opp. 4,5 km og 1035 hm. Eirik gjekk ned på 55 minutt, Anne og eg brukte nesten 2 timar. 4 timar netto gåtid altså. Anne og Eirik var med. Deilig å kjøle seg litt og skylle av sveitte og insekt i elva nedafor Smiset gard.
User comments