Svarthøtta i draumeforhold (12.07.2021)
Skrevet av bakken59
Bestigninger | Svarthøtta (1548moh) | 12.07.2021 |
---|
Starta frå Oppdal og tok av mot Skarvatnet og Nerskogen. Ikkje ei sky på himmelen, 18-20 grader i lufta, og underskjønt gammalt kulturlandskap med ganske nennsomt plasserte hytter innimellom. Tok siste avkjørsel før vegen til kyrkja, men greidde ikkje å betale noko ved bommen. Ikkje anna enn kontantar, og ikkje nokon stad å leggje kontantane! Så vi køyrde forbi utan å betale. Vi tok den andre vegen tilbake, og prøvde å betale på veg ut i kortautomat, men det fungerte heller ikkje. Noja, vi parkerte ved parkeringsplassen der vegen sluttar ved elva, gjekk stigen langs elva eit stykke oppover, fann løpestrengstolen, og fira oss over elva, ein etter ein. Så fin stig opp til setervegen til Svartdalssetra. Ved setta som låg som ein draum i sommerdagen med Svarthøtta i bakgrunnen og ein flokk kviger i forgrunnen. Stigen går nedanom og rundt sjølve setra. Så vidare i fin og luftig bjørkeskog, ned til ei lita elv som vi kryssa, og så opp i lyngterreng. Eit stykke oppover forsvann stigen, men det var fint lettgått terreng, så inga krise. Vi vann ein del høgde, men måtte bratt ned igjen og kryssa elva før vi gjekk opp til t-merkt stig mellom Gjevilvasshytta og Jøldalshytta, eit av strekka i triangelet forstår vi. Vi kryssa berre, og gjekk rett opp mot høgre eller nordre flanke av toppen. Det siste stykket var bratt, men ikkje skummelt. Strekket opp til toppen var ganske langt etter at vi var komme opp på sjølve topplatået. Nesten framme, møtte vi ein familie på fire som akkurat starta på nedturen. Vi brukte vel 3 timar opp, sat på toppen i 45 minutt i blikkstille, passe varmt vær. Heimturen la vi om søndre flanke, då vi gjekk over heile topplatået, og følgde ryggen ned. Greitt spor av stig, men bratt her også. Skar tilbake etter kompassretning, og kom inn på inn-traseen vår omtrent der vi kryssa t-stigen. Heimturen gjekk fint, litt sårbeinte kjende vi oss vel, men etter 20,1 km, 1005 hm, og 6 timar og 16 minutt på føtene, er vel det lov! Deilig å skylle føtene i elva, spise og drikke litt, og så dure vidare vestover. Anne, Eirik og Tom var med.
Kommentarer