Skurefjellet og Nobbane (31.05.2021)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Breive (760m)
Endpoint Breive (760m)
Characteristic Hike
Duration 11h 15min
Map
Ascents Nobbane (1,239m) 31.05.2021
Nobbane trigpunkt (1,229m) 31.05.2021
Skurefjellet (1,275m) 31.05.2021

Vegen er stengt med bom midtvegs langs Breivevatnet. Der gjekk eg vidare vestover og så på T-sti nordover der den tar av frå vegen omtrent ved vestenden av Breivevatnet. Fulgte stien til litt forbi Væringsvatnet der eg så forsøkte å finne anleggsvegen som er inntegna på kartet. Den vegen var ikkje så lett å finne før litt opp i fjellsida under Nobbane. Vegen går opp til noko som ser ut som ei gruvesjakt, men det har nok samanheng med kraftutbygging.
Gjekk vidare over fjellryggen og tok sjansen på å krysse det regulerte Skyvatn i vårløysninga. Litt vanskelig å finne egna plass å gå utpå i sørsida, og som venta ennå vanskeligare å gå i land i nordsida. Måtte leite litt før eg fant eit bratt svaberg å klyve i land på der det nok hadde gått fleire snøras i vinter/ vår. Brukte lang isøks for å søke meg trygt over isen. Gjekk så opp på Skurefjellet der eg hadde ein lengre pause. Tok ein runde over fleire toppunkt på topplatået, men ingen tvil om kva som er høgast.
Retur over Skyvatn igjen og så over Nobbane, og greit ned sørover i eit skar ein snau km aust for toppen. Kom inn på T-stien igjen i nordenden av Væringsvatnet, og fulgte så stien og vegen tilbake til utgangspunktet. Brukte ein del lenger tid på denne turen enn eg hadde rekna med, men var nok litt sliten etter gårsdagens tur til Veggine og Syni.

Vegbom ved Breivevatnet.
Vegbom ved Breivevatnet.
T-stien tar av frå grusvegen.
T-stien tar av frå grusvegen.
Ikkje heilt lett å gå tørrskodd over denne bekken ved Fiskebekklega.
Ikkje heilt lett å gå tørrskodd over denne bekken ved Fiskebekklega.
På veg ned mot Væringsvatnet med Nobbane i bakgrunnen.
På veg ned mot Væringsvatnet med Nobbane i bakgrunnen.
Steinsatt anleggsveg i fjellsida under Nobbane.
Steinsatt anleggsveg i fjellsida under Nobbane.
Vegen går opp til denne sjakta.
Vegen går opp til denne sjakta.
Skyvatn med Skyvassnuten 1421 i bakgrunnen lengst t.v.
Skyvatn med Skyvassnuten 1421 i bakgrunnen lengst t.v.
Oversikt over midtre del av Skyvatn som eg gjekk over. Skurefjellet i bakgrunnen.
Oversikt over midtre del av Skyvatn som eg gjekk over. Skurefjellet i bakgrunnen.
Vårløysning på Skyvatn.
Vårløysning på Skyvatn.
Klarte å gå tørrskodd i land i nordsida på dette svaberget der isen låg nær inntil.
Klarte å gå tørrskodd i land i nordsida på dette svaberget der isen låg nær inntil.
På Skurefjellet med Sæsnuten 1392 i bakgrunnen over varden.
På Skurefjellet med Sæsnuten 1392 i bakgrunnen over varden.
Her ses Veggine i bakgrunnen t.v. der eg var på sesongens siste skitur dagen før.
Her ses Veggine i bakgrunnen t.v. der eg var på sesongens siste skitur dagen før.
På austlig utsiktspunkt med utsyn mot Syni 1322 og Veggine 1341 t.h.
På austlig utsiktspunkt med utsyn mot Syni 1322 og Veggine 1341 t.h.
På nordtoppen 1268 med tilbakeblikk mot hovedtoppen 1275.
På nordtoppen 1268 med tilbakeblikk mot hovedtoppen 1275.
På Nobbane med Veggine i bakgrunnen og Syni t.v.
På Nobbane med Veggine i bakgrunnen og Syni t.v.
På Nobbane trigpunkt i kveldsol.
På Nobbane trigpunkt i kveldsol.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.