Kråkebergnosi (03.07.2021)  5

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 16min
Entfernung 13,8km
Höhenmeter 1.183m
GPS
Besteigungen Kråkebergnosi (1.562m) 03.07.2021 10:57

I samlinga på dei 66 Lærdalstoppane over 100m pmf. stod det att ein på Nordsida av dalføre. Den har stått lenge. I dag vart det topping med Stølstrim-post på Fosse i Kvamsdalen som bonus. Gikk frå austsida av elva ved nedre Kvamme. Fin rydding av sti, som er godt tilgrodde med vill-bringebær og brennesle for tida. Beheld likevel zippet på heilt til eg kom over tregrensa. Var heitt i dag. Viste 28 då eg køyrde nedatt dalen. Er kanskje den heiteste stølstrimmen eg har gått. Flugene følgde godt på. Heilt svart rundt meg. Men eg hadde spraya meg, og dei surra mest rundt hovudet. Plaga meg mindre enn heten. Den var ekstrem i dag. Men når eg kom opp i 1100 - 1200 meter, og med litt vind, så var det heil supert. Fann trakk frå stølen Fosse, og følgde dei til over 1350, der berg, stein og snøfonner tok over. Nydeleg utsikt undervegs. Mykje blomstrar i dalføret, og fin utsikt over snøgrense. Fint å gå, nydeleg tur. Endringar heile tida. Utsikta frå toppar i Lærdal er ganske supre. Ser djupe dalar, snøkledde toppar. Jotunheimen, Suletind og Jostedalsbreen samstundes. Makalaust, som me seier i Lærdal :)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.