Dørålsglupkollane og Storkringla (24.06.2021)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 47min
Distance 8.6km
Vertical meters 774m
GPS
Ascents Vesle Dørålsglupkollen (1,535m) 24.06.2021 12:37
Store Dørålsglupkollen Aust (1,630m) 24.06.2021 13:57
Store Dørålsglupkollen (1,639m) 24.06.2021 14:07
Storkringla Sør (1,365m) 24.06.2021 16:55
Storkringla (1,380m) 24.06.2021 17:03
Visits of other PBEs Storkringla parkeringslomme (995m) 24.06.2021 16:13
Turen på Storkringla. 4,5km - 403hm, 1t 28min
Turen på Storkringla. 4,5km - 403hm, 1t 28min

To turar i Rondane

Vi hadde overnatta i bilen eit par kiliometer aust for Dørålseter. Etter frukost gjekk vi i vegen frå parkeringslomma oppover mot Dørålsglupkollane. Til å byrje med var det tungt skogsterreng, men det vart betre etter kvart. Ganske rask og effektiv gange, og det tok ikkje lange tida før vi var oppe på Vesle Dørålsglupkollen.

Oppe på Store Dørålsglupkollen var det tre toppunktar. Vi var oppom alle tre. I følgje Peakbook er det det vestlegaste toppunktet som er høgast, men eg tykkjer ikkje det ser slik ut. Men det er berre ti-meter kotar på kartet, så det bli spannande å sjå når det blir meir detaljerte kart. Vi opretta uansett den midtre toppen som Aust.

Ned frå Store Dørålsglupkollen var det litt bratt og laust, men greitt å gå. Vi var slitne, og merka turen på Smedhamrane frå dagen før, så det gjekk ikkje særleg fort nedover ura.

Etter turen vart vi einige om å ta ein tur til, den gjekk til Storkringla. Vi fann ein fin parkeringslomme på rett under 1000moh, og til vår overrasking, og store glede, gjekk det i vegen eit råk derifrå. Råket kom og gjekk litt, men veldig greitt å følgje til å byrje med. På denne turen vart vêret dårlegare, men det var ein fin tur.

På Veg oppver mot Dørålsglupkollane, med Vesle midt i bilde
På Veg oppver mot Dørålsglupkollane, med Vesle midt i bilde
På Vesle Dørålsglupkollen
På Vesle Dørålsglupkollen
Mot Store Dørålsglupkollen frå Vesle
Mot Store Dørålsglupkollen frå Vesle
På Store Dørålsglupkollen Aust
På Store Dørålsglupkollen Aust
Nybygd varde på andre toppunkt på Store Dørålsglupkollen Aust. Med Høgronden, Midtrondane og Digerronden bak
Nybygd varde på andre toppunkt på Store Dørålsglupkollen Aust. Med Høgronden, Midtrondane og Digerronden bak
Mot Store Dørålsglupkollen Aust, frå like nedunder hovedtoppen
Mot Store Dørålsglupkollen Aust, frå like nedunder hovedtoppen
På Store Dørålsglupkollen, Smedane og Smedhamrane bak
På Store Dørålsglupkollen, Smedane og Smedhamrane bak
På Store Dørålsglupkollen
På Store Dørålsglupkollen
Mot Store og Vesle Dørålsglupkollen frå råket mot Storkringla
Mot Store og Vesle Dørålsglupkollen frå råket mot Storkringla
Oppover mot Storkringla
Oppover mot Storkringla
Mot Dørålsglupkollane frå Storkringla sør
Mot Dørålsglupkollane frå Storkringla sør
Kristine på Storkringla sør
Kristine på Storkringla sør
På Storkringla
På Storkringla

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.