Smedhamran (23.06.2021)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Start point Nedre Dørålseter (1,046m)
Duration 9h 52min
Distance 25.4km
Vertical meters 1,422m
GPS
Ascents Nørdre Smedhamran (1,898m) 23.06.2021 16:28
Nord for Søre Smedhamran (1,916m) 23.06.2021 17:19
Søre Smedhamran (1,922m) 23.06.2021 17:34
Austre Smedhamran Nord (1,849m) 23.06.2021 19:59
Visits of other PBEs Nedre Dørålseter (1,040m) 23.06.2021 12:58
Døråe Helårsbro (1,031m) 23.06.2021 13:18
Dørålseter parkering (1,046m) 23.06.2021 22:49
Frå Nedre Dørålseter, mot Høgronden, Midtrondane og Digerronden
Frå Nedre Dørålseter, mot Høgronden, Midtrondane og Digerronden

Tur til Rondane med Kristine. Vi gjekk i vegen frå Nedre Dørålseter klokka ett, og følgde det gode råket mot Rondvassbu. Strålande flott vêr, og varmt. Ved Piktjønne tok vi av frå Rondvassburåket, og gjekk over Bergedalsbekken, som var så stor at vi berre så vidt kom tørrskodde over. Vidare følgde vi lengje det gode råket over den enorme Storflye, før vi like etter Smedbekken tok av råket og byrja på den tunge stigninga opp til Nørdre Smedhamran.

På Nørdre Smedhamran var det flott utsikt i alle retninger. Enkelt vidare til Søre Smedhamran, via ein liten fortopp. Vegen derifrå var vi litt usikre på, om vi måtte over Nørde ein gong til, eller om det gjekk ann å gå ned i Smedbotnen. Det såg bratt ut, men mogleg, og vi fann ein rapport på Peakbook som hadde gått der. Så da gjekk vi ned til Smedbotnen. Bratt og laust nedover, men greitt å gå.

Nede i botnen foreslo Kristine å gå opp på Austre Smedhamran, så da tok vi fatt på ein ny, tung motbakke. Veldig flott også på denne toppen. Frå nordtoppen tenkte vi eigentleg på å gå på Sørtoppen også, men det slo vi frå oss da det var mykje opp og ned og litt tregt terreng og gå i. Det var allereie seint, vi hadde ete opp nesten all maten vår, og det var langt attende til Dørålseter.

Returen vart ganske lang. Men vi fekk nokre snørenner ned frå Austre. Nede på råket fekk eg den lyse ideen om å gå rett over det, og prøve å krysse Bergedalsbekken med ein gong. Det såg ikkje lett ut, og vi fekk litt ekstra trim med å gå attende til råket i litt tyngre terreng.

Alt i alt ein skikkeleg flott tur. Etter turen køyrde vi litt attende Dørålsvegen, og overnatta i bilen.

På veg innover Dørålen mot Nørdre Smedhamran
På veg innover Dørålen mot Nørdre Smedhamran
Vading over Bergedalsbekken
Vading over Bergedalsbekken
På Nørdre Smedhamran
På Nørdre Smedhamran
På Nørdre Smedhamran
På Nørdre Smedhamran
På Nørdre Smedhamran, i retning Dørålen
På Nørdre Smedhamran, i retning Dørålen
Innover mot Veslesmeden og Storsmeden frå Nørdre Smedhamran
Innover mot Veslesmeden og Storsmeden frå Nørdre Smedhamran
Mot Søre Smedhamran
Mot Søre Smedhamran
På Nord for Søre Smedhamran
På Nord for Søre Smedhamran
På Søre Smedhamran, Storsmeden bak
På Søre Smedhamran, Storsmeden bak
På Søre Smedhamran, Veslesmeden bak
På Søre Smedhamran, Veslesmeden bak
Mot Trolltinden frå Søre Smedhamran
Mot Trolltinden frå Søre Smedhamran
Nede i Smedbotnen
Nede i Smedbotnen
Oppover mot Austre Smedhamran
Oppover mot Austre Smedhamran
På Austre Smedhamran Nord
På Austre Smedhamran Nord
Mot Veslesmeden frå Austre Smedhamran Nord
Mot Veslesmeden frå Austre Smedhamran Nord
Mot Nørdre Smedhamran frå Austre
Mot Nørdre Smedhamran frå Austre
Mot Digerronden, på veg ned frå Austre Smedhamran
Mot Digerronden, på veg ned frå Austre Smedhamran
Mot Rondeslottet, på veg ned frå Austre Smedhamran
Mot Rondeslottet, på veg ned frå Austre Smedhamran
Attende Dørålen
Attende Dørålen
Frå Brua over Døråe
Frå Brua over Døråe

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.