Gloføken (29.05.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Gloføken (1,357m) | 29.05.2021 13:32 |
---|---|---|
Gloføken, S (1,312m) | 29.05.2021 14:22 | |
Nordvest for Gloføkkampen (1,294m) | 29.05.2021 14:59 | |
Gloføkkampen (1,325m) | 29.05.2021 16:27 | |
Visits of other PBEs | Gloføklia vest parkering (750m) | 29.05.2021 11:29 |
Vi vakna opp til strålande flott og varmt vêr laurdag morgon. Vi drog nordover mot Johnsgård ved Langsjøen, og åt frukost ved Isterfossen.
Vi parkerte på ein liten parkeringsplassen i Gloføklia vest. Derifrå gjekk vi vegen til Gjotsetra. Planen var å gå i terrenget opp til Gloføken derifrå. Det var blautt til å byrje med, men så var vi heldige og kom inn på eit råk. Det kunne vi følgje eit godt stykke oppover, før det byrja å gå i feil retning. Vidare var det fint å gå i terrenget oppover. Vi hadde ein lang og god pause på veg oppover, og vi satt ei god stund på toppen av Gloføken og nøyt sola, varmen og den flotte utsikta.
Vidare gjekk vi over Søre Gloføken og Nordvest for Gloføkkampen til Gloføkkampen. Skikkeleg flott turterreng her. Like nedunder Nordvest for Gloføkkampen satt vi i over ein time å berre nøyt det fantasiske sommervêret.
Fin utsikt også på Gloføkkampen, og fin retur på råket, og delvis snø, ned til bilen. Ein skikkeleg flott tur.
User comments