Kongskrona (24.05.2021)
Geschrieben von simenee (Simen Einmo Engdal)
Besteigungen | Sørøstre Vinnufjellet (1.565m) | 24.05.2021 08:37 |
---|---|---|
Furunebba (1.516m) | 24.05.2021 14:40 | |
Søre Vinnufjellet (1.578m) | 24.05.2021 14:40 | |
Kongskrona (1.814m) | 24.05.2021 14:40 | |
Østre Vinnufjellet (1.651m) | 24.05.2021 14:40 |
Ein real randoneetur som hadde litt av alt. Initiativtakar frå Trøndelag og ein ekstra turkamerat frå Surnadal sette i veg oppover Hoåslia med skia på sekken. Delvis utfordrande gjennom vegetasjonen, men lia åpnar seg fort og problema forsvann. Oppe ved Fossa i fantastisk mai-ver, kor det blei rast og skifte av skotøy. Framleis bra med snø innover flatene her oppe.
Slagt innover mot Vinnubreen. Vi peila oss ut ei rute oppover etter kvar som mota møtte oss, og kom inn på eit skispor frå Grasdalen. Ein avstikkar til Østre Vinnufjell før vi tok oss opp til sjølvaste Kongskrona. Fekk toppen heilt for oss sjøl, og såg ikkje anna folk enn eit turlag som satt oppe på Dronningkrona.

Litt sondering på tur ned for å finne beste rute opp over Søre Vinnufjell og bort til Furunebba, som også stod på lista over toppane vi håpa på å besøke. Lykkast berre halvvegs med rutinga, og endte til og med opp med å observere eit mindre skred som seig sakte nedover fjellsida framfor oss. Greit å ha litt avstand til slike observasjoner. Trygt framme ved Furunebba var det berre å ta inn over seg ei særs spektakulær utsikt! Tilbaketuren blei lagt over Sørøstre Vinnufjell, og dagens desidert finaste skikøyring. Litt smådrygt å ta seg ned Hoåslia att, men vel verdt turopplevelsen oppe i Vinnumassivet!
Benutzerkommentare