Hornindalsrokken på randonee (16.04.2021)

Written by Synnovepaatur (Synnøve Hatland)

Map
Ascents Hornindalsrokken (1,527m) 16.04.2021
Lidafjellet sør for (1,201m) 16.04.2021
Sætrenibba (1,374m) 16.04.2021
Trollaksla (1,256m) 16.04.2021

Bakgrunn: Fredag, fri frå jobben og ei værmelding som lyste som gull på skjermen la til rette for ein nydeleg dag i fjella. Med utgangspunkt i Måløy saumfara vi toppturmoglegheiter med toleleg reiseveg. Stjernetoppen Hornindalsrokken hadde liggi på ynskjelista ei lita periode og i dag var dagen. Skal innrømme vi var litt skeptisk då vi sag at det var anbefalt med isøks og at det fanst skredutsatte parti, men etter vurdering av skredfare og forholda på staden bestemte vi oss for å prøve. I verste fall ville dette bli ein nydelig rekognoseringstur.


Reise: Avreise Måløy kl. 09.00. Vi køyrde via Nordfjordeid og Hornindal til Langedalen. Nærare bestemt Langøylia. Vi blei lurt av ein privat-veg og fann rette avstikkar til venstre 1km mot Tronstad. Bilen blei parkert i nærleiken av nokre hytter i eit T-kryss. Litt over kl. 11.00 var vi klare til å gå.


Tur: Vi bar skia til slutten av vegen i hyttefeltet og tok til opp lia mot Aksla (885m.o.h.) på høgresida av Gjølelva. Snøen var fuktig og påverka av sola, som for øvrig steika meir enn kva vi hadde forventa. Til slutt hadde både jakke, bukse og overdel hamna i sekken. Ein kjentmann trakka sporet litt framfor oss. Med daffe-tempo og av- og på-kledning var vi på Trollaksla (1256m.o.h.) kl. 13:45. Utsikten vidare mot målet var både vakker og fryktingytande.



Snøen vidare var noko vindpåverka, men til vår store glede var det ikkje skare. Etter ei lita vurdering av forholda og vegen vidare la vi i veg. Vi heldt fellene på og ploga ned eit par heng langs ryggen. Kjentmannen hadde bedt oss passe oss for skavlar på høgresida av ryggen vidare frå Trollaksla. Vi fulgte rådet, heldt oss langt unna kanten, forserte alle skavlane på trygg grunn, men såg med gru at fleire av dei gjekk fleire meter ut i lause lufta.


Som ein gigantisk bolle trona Sætrenibba (1374m.o.h.) framfor oss. Også midt i løypa! Vi bauta oss opp med motivasjon om matpause på toppen. Henget opp mot toppen viste seg å vere eit av dei mest utsatte på heile turen. Bratt helling og stup på begge sider. Det var nesten så eg heldt pusten til vi var på toppen. Klokka var då blitt ca. 15.00.


Medan vi åt såg vi ut ruta vidare samstundes som vi studerte kartet og ruta til j_snorre som vi hadde brukt som utgangspunkt for turen. Planen var ei fiskekrok via ryggen mellom Rokken og Trollaksla(1387m.o.h.).


Proppa med energi gjekk neste parti på austsida under topp-klippa som ein leik. Topp-klippa ruva over og kasta skugge på oss i det vi gjekk forbi. Det var nesten så vi ikkje kunne tru at det skulle vere mogleg å kome seg opp dit. Framme på ryggen mellom Rokken og Trollaksla (1387m.o.h.) tok vi til på oppstiginga. Det andre utsette partiet på turen var etter kvart eit faktum. Tidvis skare gjorde at vi aktivt vurderte kor langt vi kunne gå før skia måtte parkerast. Då vi etter kvart stod på trygg grunn 50meter under toppen blei alt gøymd til fordel for utsikta.



Siste parti gjekk på skoa. Fordi vi ikkje kjendte til korleis toppen såg ut utan snø og skavl turde vi oss ikkje lenger enn varden, ikkje at det var ein nedtur. Utsikta var upåklageleg! Lunsj nr. 2 blei fortært på toppen rundt kl. 16.30. Det var nesten vindstille. Lenge sat vi berre og nøyt på toppen.



Retur: Nedkøyringa var desverre ikkje høgdepunktet med turen. Snøen var uberekneleg. I starten var den bra, men etter kvart var der køyrbart i det eine augneblikket og skare i det neste. To slitne kroppar brukte mykje energi berre for å halde seg på beina ned mot Simosteinen og Kjellstadsætra. Grunna skredvurdering og snøforhold gjekk vi ned i terrenget i staden for langs den meir opne austsida av ryggen vi hadde gått på turen, det kosta krefter.



Skumringa tok oss på slutten ned Kjellstaddalen, men som eit lysande Soria Moria låg Kvanngrønakken(1262m.o.h.) framfor oss slik at vi hadde ein indikator på kor langt det var igjen. Der var tydelege skispor langs ryggen og det gjekk etterkvart sport i å sjå om der var skigåarar.

Nærare kl. 21.30 var vi tilbake ved bilen. Brunare, slitnare og ikkje minst blidare enn kva vi var 12 timar før.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.