Gjevillvatnet rundt (20.04.2021)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 13h 09min
Distance 76.3km
Vertical meters 5,512m
GPS
Ascents Blåhøa (1,673m) 20.04.2021
Bårdsfjellet (1,146m) 20.04.2021
Søndre Falkfangarhøa (1,368m) 20.04.2021
Midtre Falkfangarhøa (1,397m) 20.04.2021
Hemre Gjevillvasskammen (1,496m) 20.04.2021
Nordre Gjevillvasskammen (1,576m) 20.04.2021
Indre Gjevillvasskammen (1,601m) 20.04.2021
Store Gjevillvasskammen (1,627m) 20.04.2021
Hovmannshytten (1,290m) 20.04.2021
Korgtjønntangen (1,292m) 20.04.2021
Kvamman (1,039m) 20.04.2021
Midtskarven (1,332m) 20.04.2021
Måssåhaugen (928m) 20.04.2021
Nonsfjellet (1,412m) 20.04.2021
Okla (1,582m) 20.04.2021
Okla Vest (1,574m) 20.04.2021
Raudhovden (972m) 20.04.2021
Riaren (1,365m) 20.04.2021
Stenhøa (1,405m) 20.04.2021
Storbekkhøa (1,384m) 20.04.2021
Storhornet (1,589m) 20.04.2021
Storhornet sørvest (1,589m) 20.04.2021
Svahøa (1,347m) 20.04.2021
Tyrikvamfjellet (1,252m) 20.04.2021
Veslhornet (1,143m) 20.04.2021
Åmellomfjellet nordøst (1,419m) 20.04.2021

Værmelding, skiføre og avspasering frå jobb. Da skulle det meste liggje til rette for ein heildag i fjellet. Med innlosjering på Oppdal var det berre å sette vekkarklokka til noko som ligna på midt på natta og få lada batteria.

Sterkt inspirert av JoSo sin klassiker-tur kan ruteføringa best beskrivast som ein skamlaus kopi. Ingen vits i å skulle finne opp krutet på nytt når fagfolk har gjort grunnarbeidet - runden i seg sjølv er krevande nok utan å skulle drive nybrottsarbeid i tillegg.

Første besøk med ski på både Gjevillvasskammane og Blåhø gjorde turen litt ekstra minneverdig. Makalaust flott utsikt mot snødekte toppar både i Storlidalen, Innerdalen og på heimlege strøk i Surnadal. Tilskyande ver, stri vind og blaut, treig snø gjorde turen frå Blåhø og søraustover til ein langdryg etappe, der det gjekk hardt utover oppakninga av seigmenn og snickers for å halde motet oppe.

Kort oppsummering av lang tur: ein fenomenal rundtur i storslagen natur!

Ingen sak med sosial distansering i Trollheimen. Armoa ved Springtverråtjønna med Gjerdhøa, Svorundfjellet og Storhaugen i bakgrunnen
Ingen sak med sosial distansering i Trollheimen. Armoa ved Springtverråtjønna med Gjerdhøa, Svorundfjellet og Storhaugen i bakgrunnen
Dagens beste skikøyring med tørrsnø på nordsida av Okla
Dagens beste skikøyring med tørrsnø på nordsida av Okla
Enkelte avspaseringsdagar framstår som meir velbruka enn andre...
Enkelte avspaseringsdagar framstår som meir velbruka enn andre...
Stri vind visest heldigvis ikkje så godt på bilete
Stri vind visest heldigvis ikkje så godt på bilete
Utvilsamt blant det flottaste Oppdal kan by på
Utvilsamt blant det flottaste Oppdal kan by på
Mektig skue mot Blåhøa frå Falkfangarhøa
Mektig skue mot Blåhøa frå Falkfangarhøa