Eg skulle eigentleg på Furunebba, men det vart tjukke skodde, og eg snudde der ein kryssar elva Vinnu. Då eg kom til Skorgvatnet, hadde det letta ein god del, og eg fann ut at eg kunne sjå litt oppover mot 1565-toppen ("Sørøstre Vinnufjellet").
Vel oppe på 1565, var det berre finvær, så eg fortsette til 1651-toppen ("Østre Vinnufjell") og vidare opp på Kongskrona.
Eg var tilbake ved Skorgvatnet i 2-3-tida. Nydeleg kveld.
Benutzerkommentare