Toppraid i søre Strand #3 (12.12.2020)
Written by Kaare_70
Ascents | Høgås (151m) | 12.12.2020 |
---|---|---|
Levikåsen (150m) | 12.12.2020 | |
Varen (413m) | 12.12.2020 | |
Viddasfjellet (428m) | 12.12.2020 |
Flott desembertur frå toppen av Leviksbakken til 4 toppar på pf≥50m lista for Strand, snaue 3 timar ute. Først bratt opp stien mot Sokkaknuten før eg tok av nordvestover, så bratt ned og opp mot Varen frå sørvest. 1 time til topps og som venta framifrå utsikt til alle kantar. Vidare til Viddasfjellet på 15 min før retur same veg.
Stakk så oppom Levikåsen (1 time frå Viddasfjellet) før eg tok med meg Høgås på den andre sida av vegen (30 min. frå Levikåsen). Her gjekk eg på ein hjortejeger som låg på post på toppen, så det vart ikkje tid til å ta bilde. God bruk for GPS for å finna toppen her pga. det flate platået. Det vart mykje opp og ned på denne turen, snaut 750hm til saman.
User comments