Andre i dag: Rindenuten var fin (18.10.2020)
Written by bakken59
Ascents | Rindenuten (916m) | 18.10.2020 |
---|
Andre tur i dag. Parkert på Rinde og gjekk ryggen bratt oppover. Åt niste ved bua med telemast før eg gjekk bort til toppunktet. Flott utsyn. Gjekk viste nordover og over toppen der det var god stig. Sporet opp framsida kvalifiserte vel ikkje eigenleg til den nemninga. Gjekk vegen tilbake til bilen. Prata med folk på Rinde som sa at det er lagt ut toppbok ved bua. Den såg eg ikkje noko til. 3,2 km, 1 time og 16 inkludert matpause. 262 hm. Gjekk aleine.
User comments