Halvmaraton frå Kåsastølen til Målandsdalen om Krøys (11.10.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (847m) 11.10.2020
Aust for Hildravatnet (682m) 11.10.2020
Krøysaheia (836m) 11.10.2020
Lågahei (803m) 11.10.2020
Venafjellet (752m) 11.10.2020

Endå ein framifrå langtur i strålande haustver og spennande terreng i Krøys aust for Jørpelandsheia. Me sette ein bil øvst i Målandsdalen og starta frå Kåsastølen i Lyngsheia kl. 0930. Følgte den gode stien vestover til Sunnmork som var nytt bekjentskap for oss, og som viste seg fram frå si beste side; damstilt på vatnet og vakre haustfargar i liene.

Ved vestenden av Kvednavatnet på veg mot Sunnmork med Hardhausen dominerande
Ved vestenden av Kvednavatnet på veg mot Sunnmork med Hardhausen dominerande
Straks framme i Sunnmork
Straks framme i Sunnmork

Ifølge Stavanger Turistforening var Sunnmork i si tid ein av dei gjevaste gardane i midtre del av Lysefjorden. Ut frå skriftlege kjelder veit me at garden var i bruk alt frå ca. 1625. Gardsdrifta vart det slutt på i 1860-åra, då den siste brukaren, Ådne Sønnmork, flytta til Amerika.

Etter ein matpause i strandkanten fann me vegen vidare vestover, stilaust men greit opp Bakkane til høgdedraget vestanfor. Her var det kjempeutsikt tilbake mot Sunnmork og Hardhausen, men også svært interessant å sjå vidare vestover Krøys der me skulle. Me drog kjensel på både Bergeheia og Krøysaheia som me tenkte oss opp på, og dessutan fekk me fin utsikt over dalføret Buene og den sørlegaste bukta på Krokavatnet.

Matpause ved Sunnmork
Matpause ved Sunnmork
I Bakkane vestanfor Sunnmork med tilbakeblikk mot denne flotte fjellgarden ovanom Lysefjorden
I Bakkane vestanfor Sunnmork med tilbakeblikk mot denne flotte fjellgarden ovanom Lysefjorden
Me får utsikt mot Bergeheia og Krøysaheia bak dalføret Buene
Me får utsikt mot Bergeheia og Krøysaheia bak dalføret Buene
Mot Buene med Krøysaheia og ein flik av Krokavatnet bakerst
Mot Buene med Krøysaheia og ein flik av Krokavatnet bakerst

Det vart litt krongle å koma seg gjennom Buene, som er prega av ein del fjellbjørk og grovblokka urd. Men me kom oss greit gjennom dalføret og fann ein høveleg oppgang til Bergeheia litt nord for sjølve toppen. Dette er faktisk høgaste punktet vest for Songesandvegen og dermed i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Det dei færraste veit, er at Høgavatnet på 729 moh like vest for Bergeheia er høgstliggande kjelda til Jørpelandsvassdraget. Ja, faktisk drenerer så godt som heile Krøys til Longavatnet og endar opp i Jørpelandsvågen. Brogavatnet som endar opp i Tauvassdraget og Holmatjødna som renn ned i Lysefjorden, er to av dei få unntaka.

På veg gjennom Buene med kurs mot Bergeheia
På veg gjennom Buene med kurs mot Bergeheia
Mot den sørlegaste bukta på Krokavatnet og Svartatjørnsknuten
Mot den sørlegaste bukta på Krokavatnet og Svartatjørnsknuten
Frå same staden med tilbakeblikk mot Buene med topp 814 moh aust for Fisketjørnhommen
Frå same staden med tilbakeblikk mot Buene med topp 814 moh aust for Fisketjørnhommen
Oversikt over regulerte vatn og nedbørsfelt i Jørpelandsheia. Her framgår det at det meste av Krøys drenerer vestover til Jørpelandsvassdraget
Oversikt over regulerte vatn og nedbørsfelt i Jørpelandsheia. Her framgår det at det meste av Krøys drenerer vestover til Jørpelandsvassdraget

På Bergeheia toppa me ut til eineståande rundskue kl. 1230 etter 3 timar på tur i roleg tempo, og det vart god tid til ein ny mat- og kaffipause. At det ikkje er flust med besøk her øvst i Krøys er ganske sikkert, for det er om lag 7 km i luftlinje til asfaltert veg både dit me kom ifrå og dit me skulle vidare.

Det var svært interessant å studera landskapet både vidare utover mot Jørpelandsheia og innover i Ryfylke, og me drog kjensel på det meste. Kjempene Kyrkjenuten, Skaulen og Snønuten var alt kvitpynta, medan til dømes Fjellsenden ikkje var det. Når det gjeld kjende toppar i Jørpelandsheia var det faktisk ganske krevande å bestemma nokre av dei, dette pga. den uvanlege vinkelen me såg dei ifrå.

Herleg utsikt frå Bergeheia, høgaste punktet i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Me ser heile fjellrekka i Jørpelandsheia frå Reinaknuten til Bratteliknuten frå ein uvanleg vinkel
Herleg utsikt frå Bergeheia, høgaste punktet i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Me ser heile fjellrekka i Jørpelandsheia frå Reinaknuten til Bratteliknuten frå ein uvanleg vinkel
Frå Bergeheia mot Holmaknuten og brekket mot Lysefjorden
Frå Bergeheia mot Holmaknuten og brekket mot Lysefjorden
Frå litt nedanfor toppen av Bergeheia mot Høgavatnet og bl.a. Bratteliknuten og Steinfjellet sentralt
Frå litt nedanfor toppen av Bergeheia mot Høgavatnet og bl.a. Bratteliknuten og Steinfjellet sentralt
Frå same staden mot bl.a. Krøysaheia dit me skal vidare
Frå same staden mot bl.a. Krøysaheia dit me skal vidare

Vidare måtte me sjølvsagt oppom den eksponerte Krøysaheia ovanom Krokavatnet, og her gav vegvalget seg sjølv. Denne toppen stikk seg fram frå alle kantar med si høgreiste form, og utsikten skuffa absolutt ikkje; spesielt flott over Kroka- og Hildravatnet og det flate heieområdet rundt. Her toppa me ut kl. 1350, og etter ein del fotografering fann me vegen bratt ned til og langs austsida av Krøysatjødna. Her var det heldigvis framkommeleg, noko me ikkje kunne vita sikkert på førehand.

Mot Krøysatjødna, Krøysaheia og Lågahei
Mot Krøysatjødna, Krøysaheia og Lågahei
Svett og fornøgd på Krøysaheia! Dei næraste toppane er Lågahei og Venafjellet med Vardhusheia og Brogavassklubben like bak og Hildravatnet til høgre
Svett og fornøgd på Krøysaheia! Dei næraste toppane er Lågahei og Venafjellet med Vardhusheia og Brogavassklubben like bak og Hildravatnet til høgre
Frå Krøysaheia mot Krokavatnet og Sandvatnet
Frå Krøysaheia mot Krokavatnet og Sandvatnet
Førsteklasses utsikt over Krokavatnet frå eksponerte Krøysaheia
Førsteklasses utsikt over Krokavatnet frå eksponerte Krøysaheia
På Krøysaheia med tilbakeblikk mot bl.a. Bergeheia og topp 814 moh aust for Fisketjørnhommen
På Krøysaheia med tilbakeblikk mot bl.a. Bergeheia og topp 814 moh aust for Fisketjørnhommen

Det var endå mykje att av dagen, og me tok derfor turen oppom Lågahei med den flotte varden kl. 1435 og vidare ned og opp på Venafjellet kl. 1515, der høgaste toppen lengst vest faktisk var vardelaus. Her fekk me framifrå utsikt over Skitli og Venavatnet, og den vart innteken saman med ein ny runde mat og kaffi. Sør for Venafjellet kleiv me opp like ved ei veldig "glefse" der ei diger skive av sjølve fjellet har skilt seg frå resten. Resultatet er ei djup og parallell kløft som det er vel verd å vera merksam på når ein kjem ovanfrå.

Ovanfor Krøysatjødna med utsikt mot Krokavatnet
Ovanfor Krøysatjødna med utsikt mot Krokavatnet
Overblikk over Krøysatjødna
Overblikk over Krøysatjødna
På Lågahei med fjellrekka i Jørpelandsheia frå Reinaknuten til Revafjellet i horisonten
På Lågahei med fjellrekka i Jørpelandsheia frå Reinaknuten til Revafjellet i horisonten
Den flotte varden på Lågahei med Krøysaheia bakanfor
Den flotte varden på Lågahei med Krøysaheia bakanfor
Mot Skitli og Skitlitjødna med Vardhusheia
Mot Skitli og Skitlitjødna med Vardhusheia
Mot vesttoppen på Venafjellet og ein flik av Skitlitjødna, Venavatnet og Brogavatnet
Mot vesttoppen på Venafjellet og ein flik av Skitlitjødna, Venavatnet og Brogavatnet
Ved «glefsa» sør for Venafjellet
Ved «glefsa» sør for Venafjellet

For å koma greit ned mot Krokavatnet og Straumane, måtte me først gå nordaustover Venafjellet for å finna ein trygg nedgang nordover. Ved Krokavatnet kom me i prat med eit par hyttefolk før me fann vegen over bekken mellom Krokavatnet og Hildravatnet, der me måtte jobba godt for å kryssa alle løpa tørrskodde. Me kryssa her fordi me ville oppom knausen aust for Hildravatnet, der eg var oppom sist for 29 år sidan. Dette er eit framifrå utsiktspunkt over vatna og det flate heieområdet rundt, og me var der kl. 1640.

Frå vesttoppen på Venafjellet med utsikt over Vena-, Hildra- og Krokavatnet
Frå vesttoppen på Venafjellet med utsikt over Vena-, Hildra- og Krokavatnet
Frå Venafjellet mot Krøysaheia
Frå Venafjellet mot Krøysaheia
Nedstigning frå Venafjellet med utsikt mot Straumane
Nedstigning frå Venafjellet med utsikt mot Straumane
Me er akkurat komne tørrskodde over bekkeløpa frå Krokavatnet på veg mot topp 682 moh aust for Hildravatnet
Me er akkurat komne tørrskodde over bekkeløpa frå Krokavatnet på veg mot topp 682 moh aust for Hildravatnet
Frå den sistnevnte toppen mot Krokavatnet med Krøysaheia dominerande
Frå den sistnevnte toppen mot Krokavatnet med Krøysaheia dominerande

Vidare gjekk me beint nordover og kryssa utløpet av Svarefjellstjødna før me fann stien og traktorvegen ned til den ventande bilen øvst i Målandsdalen. Som vanleg vart det ein lang og bratt nedtur, men betre ned enn opp i alle fall. Me kunne gratulera kvarandre med endå ein framifrå langtur kl. 1800, etter om lag 8 1/2 timar ute. Då runda me nok 20 km og 900 hm stigning og 1250 hm "nedtur" til saman.

Vegvisar mot Krøys ved utløpet av Svarefjellstjødna
Vegvisar mot Krøys ved utløpet av Svarefjellstjødna
Vegvisarar mot Hildra- og Venavatnet med Svarefjellet og Svarefjellstjødna bada i kveldssol
Vegvisarar mot Hildra- og Venavatnet med Svarefjellet og Svarefjellstjødna bada i kveldssol

Faunainnslaga stod 2-3 liryper og 5-6 orrhanar mellom Sunnmork og Buene for, dessutan var det ei ubestemt ørn over Jørpelandsheia. Utanom nokre rypejegerar ved Sunnmork og hyttefolka ved Krokavatnet, var det ikkje folk å sjå i dette lite brukte fjellområdet.

Historisk kart over Krøys frå 1856. Legg merke til at Krokavatnet då er kalla "Kröisevand". Dessutan er Målandsvatnet og Gamlestølstjødna kalla hhv. "Nedre- og Övre Stölsvand". Det framgår vidare at "Söndmark" var bebudd som gard (ikkje støl), noko som stemmer med at garden vart fråflytta i 1860-åra

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.