Snota og Litl-Snota (01.10.2020)

Skrevet av simenee (Simen Einmo Engdal)

Turlengde 9t 31min
Distanse 30,9km
Høydemeter 1632m
GPS
Bestigninger Snota (1669moh) 01.10.2020 14:30
Litl-Snota (1566moh) 01.10.2020 15:52
Andre besøkte PBE'er Gråsjøen vinterparkering (435moh) 01.10.2020 10:21
Gråsjøen parkering (510moh) 01.10.2020 10:44

Oktober måned starta på best mogleg måte med sol og blå himmel. Ganske bra med vind var det derimot spådd, men vi lot oss ikkje skremme av det og svinga oss opp mot Gråsjøen i Folldalen med Trollheimens dronning Snota for auget. Den klassiske ruta opp blei benytta, men litt lengre enn vanleg blei det da brua under demninga var stengt for renovasjonsarbeid. Som alternativ var det satt opp ei gangbru for fotturistar å bruke. Dermed blei det parkert på austsida av Gråsjøen og vandra inn til Gråsjøen parkering. Herifrå fulgte vi stien opp til makalause forhold på toppen; sol, varme og vindstille. Vinden hadde blese frå seg nede ved Svartvatnet, og oppe på toppen kunne vi no speide rundt oss fritt for kuling. Returen blei supplert med ein avstikkar opp på Litl-Snota som ikkje tidlegare hadde blitt besøkt av undertegnede. Vakker vandring i haustfarga natur til ein kremtopp!

Snota rett i mot inn mot Svartvatnet.
Snota rett i mot inn mot Svartvatnet.
Frå Litl-Snota med tilbakeblikk til Snota.
Frå Litl-Snota med tilbakeblikk til Snota.
Trollhøtta ruver mot den blå oktoberhimmelen.
Trollhøtta ruver mot den blå oktoberhimmelen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.