Naustådalen rundt (01.09.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 11h 55min
Distance 37.7km
Vertical meters 2,870m
GPS
Ascents Bollen (1,249m) 01.09.2020 07:31
Sørvest for Bollen (1,231m) 01.09.2020 07:31
Tverrbotnfjellet (1,323m) 01.09.2020 09:24
Strankåbotnfjellet (1,373m) 01.09.2020 10:25
Salen (1,430m) 01.09.2020 11:12
Salen SØ (1,379m) 01.09.2020 11:34
Østre Salen (1,046m) 01.09.2020 12:17
Neådalssnota SØ2 (1,443m) 01.09.2020 14:42
Neådalssnota SØ1 (1,426m) 01.09.2020 14:56
Neådalssnota (1,621m) 01.09.2020 15:48
Visits of other PBEs Kårvatn p-plass (210m) 01.09.2020 07:32

Når ein heile måndagen satt inne og fekk servert finværet utelukkande gjennom sosiale medier var det dags for å ta saken i eigne hender når sola bestemte seg for å kaste pryd over Nordmøre også på tysdag. I frisk og klår haustluft mønstra eg derfor nede ved Kårvatn, klar for det som ikkje kunne bli noko anna enn ein premiumtur i fjellheimen. Dagens planlagte rute var sterkt inspirert av året 2020s frakkaste smultringnimrod aarvag (Steinar Aarvåg), som hadde sondert terrenget rundt Naustådalen knappe to veker tidlegare. Med unntak av nokre få modifikasjonar i starten og midtvegs i ruta skulle eg forsøke å gjenta geskjeften, så med ein tettpakka sekslitring på ryggen var det berre å sette i veg.

T-merka sti i retning Trollheimshytta tek ein fint opp ei relativt lettgått li som ganske snart kjem over tregrensa og gir flott utsyn ned mot Todalen og fjella på andre sida av dalføret. Inne ved Naustådalssetra blir det lettgått og fint innover den flate stien inn i Nautsådalen.

Skjerdingfjellet og naboane badar i morgonsol, medan garden nede på Kårvatn må vente litt til.
Skjerdingfjellet og naboane badar i morgonsol, medan garden nede på Kårvatn må vente litt til.
Dagens første solstrålar kastar lys over Nautsådalssetra.
Dagens første solstrålar kastar lys over Nautsådalssetra.

Innover Naustådalen får ein Tverrbotnfjellet på venstre side, og i byrjinga ser lia opp hit bratt og uoverkommeleg ut. Eit stykke lenger inn i dalen åpenbarar det seg derimot ei fin oppstigning mot toppen langs gresskledde sletter med sva og bekker. Her tok eg av stien og fulgte det fine, men relativt tungtrødde partiet opp til eg stod ved steinura nedunder Tverrbotnfjellet. Herifrå var det ikkje lange biten opp mot toppen. Forholda kunne ikkje våre betre, med sola i starten på si ferd over ein utelukkande blå himmel. I sør byrja Innerdalsfjella og stikke seg fram, og i nord steig toppane opp ein etter ein etter kvart som eg kom over kanten på steinura. Kjente og kjære toppar i flott samspel, med kolossen Rognnebba som det naturlege blikkfanget rett på andre sida av Romådalen. Ein forsiktig, men kald vind kom lett inn frå vest og minna meg på at sommar offisielt hadde blitt til haust, men med slike forhold som dette er ikkje det noko å sørge over. Mange vil jo påstå at hausten er den finaste fjelltida.

Toppen av Tverrbotnfjellet og starten på fjellryggen som skulle ta meg til Salen.
Toppen av Tverrbotnfjellet og starten på fjellryggen som skulle ta meg til Salen.

Vel oppe på toppen blei den første av dagens mange gode rastar gjennomført. Det var vanskeleg å rive seg laus frå dei stadig skiftande, men alltid like imponerande vinklane mot Snota, Neådalssnota og Innerdalsfjella.

Ein av dagens mange vinklar mot den alltid like imponerande Neådalssnota.
Ein av dagens mange vinklar mot den alltid like imponerande Neådalssnota.

Med slike forhold var det jo mest freistande å bli verande her oppe, men det var framleis mange kilometer att, så det var berre å innsjå at ein måtte legge i veg. Ryggen på nordsida av Nautsådalen er svært fin og lettgått med si store steinur. Litt ned, litt opp, litt ned og opp att, så var ein plutseleg oppe på Salen med Strankåbotnfjellet kryssa av på vegen.

Snota innramma av Salens to varder.
Snota innramma av Salens to varder.

Herifrå fulgte dagens mest kronglete nedstigning, utan at det bydde på nevneverdig store problem. Ned frå Salen SØ fulgte eg ei laus og relativ bratt renne ned til det lille vatnet rett vest for Østre Salen. Her blei det endeleg anledning til å imøtekomme eit no litt prekært behov for påfyll av vasstankane, før det bar opp dei ikkje mange høgdemetrane til Østre Salen. Ned herifrå blei ruta lagt til Nedre Salsvatnet, og ei handfull molter og ei våt elvekryssing seinare var det dags for å ta fatt på stigninga opp til Bollen.

På grensa til knallfint nede ved det idylliske Salsvatnet.
På grensa til knallfint nede ved det idylliske Salsvatnet.

Bollen skulle vise seg å ikkje bli noko gratistopp for det som no var litt småmøre bein, men opp gjekk det, og akkompagnert av ei flott utsikt til Folddalen og Storlifjellet blei det ikkje så drygt som ein kanskje kunne frykte.

Frå oppstigninga til Bollen blei det moglegheit for eit tilbakeblikk mot Salen og Østre Salen.
Frå oppstigninga til Bollen blei det moglegheit for eit tilbakeblikk mot Salen og Østre Salen.

Vel oppe var det berre å ta fatt på ryggen i retning Neådalssnota. Her svinga eg meg etter kvart opp mot sør og fekk sjekka inn på Neådalssnota Sør-Øst. Ei alternativ fluktrute var no å svinge seg ned til Snotvatnet og legge returen langs Nautsådalen derifrå, men synet av Neådalssnota var no for freistande til å unngå, og med skoddehavet frå sist besøk friskt i minne blei det ein enkel diskusjon med meg sjølv; ein måtte dit og!

Som tenkt som gjort, og til slutt stod eg oppe ved varden og kunne nyte den fantastiske utsikta herifrå. Vidt utsyn over alle krikar og krokar i Trollheimen som alle bada i årets første septembersol. Igjen vanskeleg å rive seg laus frå rasteplassen, men ein måtte jo ned og. Retur langs ryggen og over vesteggen, på skrå nedover til Naustådalsvatnet, kryssing og inn på T-stien som no blei forsert med lett jogg langs fint terreng. Tilbake nede ved bilen var det berre å ta innover seg den synkande kveldssola og kjenne på tunge bein, men lett sinn. Ein lang og fin haustdag over Todalens perlerekke som seint blir gløymd.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.