Kråkberget og Holshaugen i Åmot og Elverum (30.08.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Characteristic Hike
GPS
Ascents Kråkberget (631m) 30.08.2020 14:03
Holshaugen (674m) 30.08.2020 15:16

To turer i skogen mellom Elverum og Rena

Frå Gåsbu køyrde vi til Elverum, og oppover austsida av Glomma mot Rena. Vi tok av frå hovudvegen ved Vålsrønningen. Der vart vi møtt av stengd bom, og skilt med at bommen låses utan varsel. Vi kjente på bommen, han var ikkje låst, så vi køyrde oppover vegen, og håpa at han ikkje vart låst medan vi var innover.

Første tur gjekk til Kråkberget. Vi køyrde innover Langmyrdalen, og parkerte like før Vesle Kråkberget, der vart vegen litt dårlegare. Litt kronglete terreng frå vegslutt og opp til "toppen". Vi plukka ein bærplukkar kvar med blåbær undervegs.

På Kråkberget
På Kråkberget
På Holshaugen
På Holshaugen

Den andre turen gjekk til Holshaugen. Der vart vi møtt av låst bom, og vi parkerte ved den. 900 meter på veg, før det gjekk bratt oppover. Høgt tårn på toppen, men vi gjekk ikkje opp i det. Også på denne turen fekk vi fyllt opp bærplukkarane våre.

Vel nede var bommen framleis ulåst. Vi la merke til ei hytte som var til salg, så vi stoppa og såg på den, og plukka ein god del blåbær i skogen like ved bilvegen.

Utsikt nordover Østerdalen frå eit hogstfelt like nedunder Holshaugen
Utsikt nordover Østerdalen frå eit hogstfelt like nedunder Holshaugen
Utsikt nordover Østerdalen frå eit hogstfelt like nedunder Holshaugen
Utsikt nordover Østerdalen frå eit hogstfelt like nedunder Holshaugen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.