Runde frå Todalshytta (17.08.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 5h 55min
Distance 20.4km
Vertical meters 1,573m
GPS
Ascents Bollknubben (949m) 17.08.2020 17:34
Viromkjerringa SØ3 (1,333m) 17.08.2020 19:14
Visits of other PBEs Todalshytta (40m) 17.08.2020 15:41

Strikken blei tøyd for kva som kan klassifiserast som ettermiddagstur for undertegnede, men dagane er enda lange, og nede ved bilen att var det framleis vakkert augustlys. Todalshytta danna utgangspunkt for turen over Bollknubben og Viromkjerringa sin sør-øst-topp. Herifrå er det merka sti mot Storhaugen, som etter kvart går etter grusvegen innover. Om ein vil er det mogleg å korte litt ned på turen ved å i staden for å svinge til høgre opp til Todalshytta heller svinger til venstre, og følgjer denne grusvegen til endes. Her finn ein etter kvart skilt som tek ein av ruta mot Storhaugen og inn på T-merka rute mot Innerdalen via Snekkardalen.

Slak sti i starten, og etter kvart bratt opp gjennom barskogen. Vel over kanten kjem ein til ei lita hytte. Her kan ein finne starten på ei alternativ rute til toppen av Bollknubben. Går ein mot hytta finn ein ei lita bru over Bruna, kor stien inn til Øyasetra startar. Eg kom ned denne vegen, og stien er fin og lettgått. Inne ved Øyasetra er det nok slutt på sti, og oppstigninga til Bollknubben frå nord er truleg dryg og kanskje litt strabasiøs, men det er den frå alle sider, og ved denne ruta kan ein nok spare seg nokre meter og litt myr på innmarsjen.

Når det er sagt må det nevnes at ruta eg tok innover, framleis på raudmerka T-sti inn mot Snekkardalen, byr på makalaus utsikt etter kvart som ein kjem seg oppover. Stien er delvis veldig blaut der den går over myrterrenget, og innover Snekkardalen er det og vanskeleg å kome seg tørrskodd, men du verden for ei utsikt ein går til med mektige Skarfjell og glitrande Vinnufjell midt i mot.

Innerdalen er ikkje noko dårleg bakteppe.
Innerdalen er ikkje noko dårleg bakteppe.

Eit stykke innover Snekkardalen beslutta eg å ta av stien og gå rett over den søkkvåte myra og opp austsida til Bollknubben. Fjellsida var ikkje så ille som ho såg ut på avstand. Innsjekk på toppen og ned vestsida kor eit sporadisk dyretråkk tok meg rundt den verste bjørka og ned til Veltet og nye blaute myrer.

Toppen av Bollknubben mot Viromkjerringa.
Toppen av Bollknubben mot Viromkjerringa.
Myrull og Vinnufjell i godt samspel.
Myrull og Vinnufjell i godt samspel.

Herifrå blei det ei langdryg oppstigning til artigheita kunne byrje inne ved klyvepartiet opp til Viromkjerringa Sør-Øst.

Oppover mot Viromkjerringa.
Oppover mot Viromkjerringa.

Når eg betrakta denne veggen på avstand såg han frykteleg vanskeleg ut, men erfaring tilsier at ting løyser seg berre ein kjem innåt. Det stemte denne gongen og, og klyvinga viste seg å være av den enkle og ikkje spesielt eksponerte sorten. No står det i tillegg eit par vardar her opp for å vise veg, som resultat av undertegnedes heller tvilsame ingeniørarbeid.

Vegen til topps går opp grasrenna ein ser midt i bilete. I enden her dreier ein til venstre. Ser vanskeleg ut frå avstand, men er uproblematisk.
Vegen til topps går opp grasrenna ein ser midt i bilete. I enden her dreier ein til venstre. Ser vanskeleg ut frå avstand, men er uproblematisk.

Ein varde markerer at ein er ferdig med klyvinga, og da gjenstår berre ein spasertur over det store flate platået her oppe. Vilt og vakkert ned mot Viromdalen i sør! Ved varden ikkje langt frå det høgste punktet blei det no ein god rast kor dagens middag blei inntatt i makalause omgivelser. Kveldssol på veg ned ein knallblå himmel kasta vakre farger over innderdalsfjella. Ettermiddag hadde for lengst blitt til kveld, og eg satt her smerteleg klar over at eg rasta på lånt tid, men du verden kor vanskeleg det var å skulle rive seg laus frå denne vakre rasteplassen. Resten av traversen over Viromkjerringa såg og veldig innbydande ut, men det var dags for å innsjå at kvelden var på hell, og at det framleis gjenstod litt tur før ein var tilbake i bilen.

Luftig plassert varde på toppen.
Luftig plassert varde på toppen.

Nedfarten gjekk på nordsida kor det var greit å ta seg nedover til myrene. Vandring gjennom lyng og myr til eg kom til skihytta til Todalingane. Herifrå bar det over Kjerringelva og i retning Øyasetra til eg gjekk meg på stien som går opp hit. Fulgte denne nedover til den kjem inn att på T-siten, og ned til Todalshytta. Sola hadde no takka for seg, men kasta framleis stråler over horisonten og gav såleis ei magisk avslutning på det som alt i alt er ein fin rundtur!

Dagen takkar av.
Dagen takkar av.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.