Kremtopper frå Todalen (19.07.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 4h 52min
Distance 18.6km
Vertical meters 1,633m
GPS
Ascents Rambjøra (1,148m) 19.07.2020 11:11
Midtknuken (1,036m) 19.07.2020 11:43
Botnnebba (1,127m) 19.07.2020 12:05
Grånebba (1,305m) 19.07.2020 12:49
Litlfjellet (885m) 19.07.2020 13:51

Kjente og kjære topper skulle få eit besøk i kombinasjon med to nye smårollingar som har fått lurt seg inn på smultringlista. Rambjøra og spesielt Vassnebba (får bruke det navnet når ein går opp frå Todalssida) er to favorittar som fortjener eit gjensyn. Med start frå Halset blei det som tidligare gått opp den bratte skogsvegen. Nytt for anledninga var at det hadde blitt gjort noko skogsarbeid i området, og vegen var derfor noko meir oppkøyrd no enn tidligare. I tillegg hadde det kome eit nytt vegskille, som var nok til å sende meg ut i feil retning. Hadde kome eit stykke før eg innsåg feilen, men da var det ikkje lange vegen eg måtte gnu meg opp lyng og barskog for å kome inn på rett spor att. Oppe ved trimposten blir veg om til sti, og med unntak av at den kan forsvinne litt over dei blautaste myrpartia er den fin å følgje heile vegen inn til Vassnebbvatnet. Får Vassnebbvatnet er det berre å peile seg inn ei meir eller mindre direkte rute opp til Rambjøra. Flott utsikt herifrå! Syltetøyglaset låg gøymt inne i varden, men var utan bok. God rast før det blei staka ut ein kurs nedunder Botnnebba til Midtknuken.

Frå Midtknuken med blikket tilbake til Botnnebba, for anledningen innhylla i skodde.
Frå Midtknuken med blikket tilbake til Botnnebba, for anledningen innhylla i skodde.

Fint terreng å ta seg fram på her oppe! Rask innsjekk på toppunktet før returen gikk opp om toppvarden på Botnnebba. Liten rast her også for å fylle lagra til oppstigninga av Vassnebba. Ganske langt og bratt opp, men ei veldig fin ur å ta seg fram i. Litt fundering på kor ein skulle ta seg opp snøskavlen som framleis ligg heilt oppunder toppen. Det blei opp i austenden og ned om vestenden.

Frå Botnnebba mot Vassnebba
Frå Botnnebba mot Vassnebba

Frå toppen her blei det eit klassisk utsyn til veggen på Viromkjerringa og vakre topper i Innerdalen. Spesielt Grøvelnebba ser flott ut herifrå! God rast i ein sporadisk solvegg før returen gikk ned same veg som opp, med unntak av ein kjapp avstikkar til Litlfjellet for ei ekstra nål. Fin rundttur i eit favorittområde.

Frå postkassa på Vassnebba. Boka her hadde sett bedre dager, og var så fuktig at det var vanskeleg å skrive i ho.
Frå postkassa på Vassnebba. Boka her hadde sett bedre dager, og var så fuktig at det var vanskeleg å skrive i ho.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.