Berdalen - Høganos (15.07.2020)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Tavle ved Stødno (24m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 16min
Distance 15.0km
Vertical meters 1,512m
GPS
Ascents Høganos (1,520m) 15.07.2020 18:25

Fin ettermiddagstur til topp i Lærdal. Ein går på merka tursti frå tavle 200 meter under garden Stødno. Ved den flotte fossen i Lærdal. Det er fleire sti-dele, sidan mange ruter er merka her. Ein går mot Åsen, så mot Lusahus, og så mot Berdalen. I stikryssa føl ein retninga mot turmålet. Stølen Berdalen er grøn og frodig, og har ei særleg fin utsikt mot dalføra, og flotte høge toppar i kommunen. Ikkje minst mot Bleia. Vidare går ein inn Berdalen, stadig lett stigande mot turmålet. Føl du med i starten, så finn du sti/trakk heilt inn i botn, og litt i stigninga som møter deg der. Inn mot botn har du kryssa elva. Så er det å finne ei fin rute i brattare terreng opp frå botn. Når det flatar ut att, må ein sikte på høgaste toppen. Ein stor varde viser deg toppen. Fantastisk utsikt herifrå 360. Kjekt å bruke litt tid til å studere fjellområda rundt.

Matproduksjon på garden Stødno.
Matproduksjon på garden Stødno.
Stølen Berdalen med Bleia i bakgrunn.
Stølen Berdalen med Bleia i bakgrunn.
Mot stølen Berdalen.
Mot stølen Berdalen.
Inn Berdalen
Inn Berdalen
Toppvarden på Høganos
Toppvarden på Høganos
Utsikt frå Høganos mot nord.
Utsikt frå Høganos mot nord.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.