Litt seig opptur, men flott topplatå (05.07.2020)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 15min
Distance 11.3km
Vertical meters 908m
GPS
Ascents Grønkleppen (765m) 05.07.2020

På veg sørover frå Mo i Rana, der eg tar turen på nokre dagar med innlagde kommunetoppar, hadde eg bestemt meg for Fosnes og Grønkleppen i dag. Køyrde frå Mosjøen og fann greitt vegen inn mot Fiskåhaugen. Køyrde heilt inn, dvs kryssa sementbrua, og parkerte på parkeringsplass der ved sidan av ein annan (!) bil. Såg aldri noko til sjåføren, og bilen var borte då eg kom ned att. Stigar hadde eg ikkje registrert, så eg gjekk ned til brua igjen og busha oppover frå andre sida av elva. Ganske brutal start på ein tur, rett opp i myr og vegetasjon først, og så på sva og i glissen furuvegetasjon. Mykje insekt i starten som eg verkeleg mislikar. Dette er ikkje første gong eg har gått med følge av klegg og brems her i Trøndelag! Dei forsvann då eg kom opp til første nut, der det er ei myr med dammar på oversida. Der vegra eg meg litt for berre å halde fram rett opp, og blei dessutan forleda litt av varden med stang eg såg på ein nut ut til venstre. Men oppturen langs venstre flanke av fjellet var ikkje så dum, og berre marginalt lengre enn den meir direkte ruta som eg tok nedover. Dei første 1,5 km var tunge og eg brukte ein time på det strekket. Så brukte eg ein dryg time på resten, og var på toppen etter 2 timar og 8 minutt. Rast i le av varden, gjekk på toppen av platået tilbak og da bortom den andre varden. Platået var jo litt småkupert, men kombinasjonen av svaberg, snøflater, grasglenner og mange smådammar var fin. Rutsja ned igjen og kom ut på vegen omtrent der eg starta. Veldig rart at eg ikkje så antydning til stig nokon stad. Såg til saman fem ryper, ikkje folk. 11,3 km, 908 hm, 4 timar og 14 inkludert pause, 3 timar og 47 netto. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.