Saksa (04.07.2020)

Written by roghje

Map
Ascents Saksa (1,073m) 04.07.2020
Sør for Saksa (1,045m) 04.07.2020

Sto opp tidleg og såg at meldingane om strålande sol stemte. Reiste heimaifrå 06:30 i Corollaen, og møtte Linda og Marion med eigen Corolla på Øvreset. Sjølv med mange ulydar i bilen kom vi oss fram til Urke. Starta oppstiging kl 9. Kjempeflott utsikt heile tur. Vi gjekk åleine i fin temperatur oppover. På veg ned igjen møtte vi lange køer med folk, også mange som ikkje såg veldig fjellvant ut. Vel nede på parkeringsplassen oppdaga Marion at ho hadde mista bilnøkkelen. Etter at vi hadde kjøpt is og brus, dukka det plutseleg opp ein som hadde med nøkkelen til Marion. Han hadde fått den med ei som hadde funne nøkkelen på veg opp.
Eg, Gro, Kristina, Linda og Marion

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.