Draumeforhold til Tveitakvitingen (28.05.2020)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 30min
Distance 21.0km
Vertical meters 1,101m
GPS
Ascents Tveitakvitingen (1,299m) 28.05.2020

Denne turen har eg tenkt på i nokre år, og no klaffa det med fridagar og vêr. Fekk også koordinert litt med kusine Kari, så eg overnatta med selskap på campingplass i Norheimsund, debut i campingvogn! Felles frukost og så køyrde vi til Kvamskogen. Takk til Laskemoen for info om startstad, men pga bom, måtte vi starte heilt nede ved bilvegen, og tusle oppover. Kari skulle berre halde følge så lenge ho kunne gå på beina, og det kunne ho heilt til Mødalssetra. Nydeleg stad! Eg sette på skia ca 500 meter før det, og kunne kanskje gjort det enda lenger ned om eg hadde vore budd på å ta skia av og på. Det var eg ikkje, så eg gjekk på skia frå brua over bekken før den bratte bakken oppover mot setra. Sol, ikke vind, passe temperatur. Sugande føre med slush. Om det er noko som trekk ned på denne turen, måtte det vere at eg var litt engsteleg for ras. Ingen hadde gått før meg på ca ei veke, tenkjer eg, men eg hadde likevel hjelp av svake spor, i tillegg til GPS-spor frå peakbook. Første dilemma kom i Tjødnadalen, der eg valde å gå opp til høgre bak ein hamar. Litt skummelt med ras til høgre og sprekk langs berget til venstre. Det gjekk bra, men nedover valde eg ruta til venstre som visstnok er den vanlege. Neste kritiske punkt var opp Stueveggen, der eg rett og slett tok av skia og forserte ein del høgdemeter på lyng. Det var skikkeleg bratt, og stykket vidare var også litt for bratt etter min smak. Derifrå og opp kjendest det trygt. Fantastisk terreng, utsikt og vêr. Turen opp venstre flanke av toppen var seig, og eg måtte stoppe fleire gonger og puste. Vel oppe, oppdaga eg at varden låg ca 500 meter borte på platået. Lukkeleg og stolt nådde eg varden, og sat 45 minutt i sola på eit berg og spiste niste og koste meg. Eg bruke 3 timar og 36 minutt opp. Det var heilt OK, for eg starta samtidig med to vesentleg yngre randonnejenter, og dei brukte 1-1,5 time meir enn meg. Eg møtte dei i ei av dei siste motene på vegen ned. Dei takka for godt vegval! Nede i Middagsdalen møtte eg to damer til på fjellski, og dei var også nøgde med ruta eg hadde gått opp, med unnatak av vegvalet opp Tjødnadalen. Dei sa ar løypa går til venstre. Turen ned gjekk greitt, eg møtte ein kar på randonne som rasta i Tjødnadalen, han lærte meg nokre namn, og hadde dette som sin tur. Fann skiposen der eg hadde lagt den, og rusla ned til bilen i seint tempo. 20,96 km, 1101 hm, brukte 6 timar og 28 minutt. Når eg trekkjer frå 45 minutt på toppen, vil det seie at nedturen tok 2 timar og 10 minutt inkludert eit seint gåstrekk. Eg gjekk altså både saman med Kari og aleine. Ein verkeleg draumetur som eg er kjempeglad for!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.