Naganibba og Botnafjellet frå Liarvatnet (18.05.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Botnafjellet (705m) 18.05.2020
Naganibba (748m) 18.05.2020

Flott tur til Naganibba om Småsildalen med retur om Botnafjellet, til saman 4 ¼ timar med ein god matpause på Nibba. Turen var likevel prega av to negative hendingar, nemleg at det var godt med nysnø å vassa i over 550moh og at eg fekk eit lite fall på veg ned frå Nibba der eg øydela det gode kompaktkameraet mitt. Derfor er det heller ingen bilder frå returen om Botnafjellet.

Snøen gjorde ikkje noko i seg sjølv, men han hindra meg frå planen om å gå på Godlifjellet etter Nibba. Det hadde blitt altfor tungt å vassa såpass langt tur retur, så det får heller venta. Flott sol og så godt som vindstilt på toppane, og som vanleg eineståande utsikt frå Nibba. Det var såpass lenge sidan eg var på Botnafjellet at eg hadde gløymt at Botnatjødna ikkje er synleg frå sjølve toppunktet. Men eg følgte brekket mot Småsildalen eit stykke nordover og fekk med meg utsikten på den måten.

Svartkvit fluesnappar ved Liarvatnet og fleire gaukar som gol, var fine faunainnslag. Ellers kvitra det av vanlegare artar over alt i vårskogen.

Vårleg i Småsildalen, med Botnatjødna under Botnafjellet
Vårleg i Småsildalen, med Botnatjødna under Botnafjellet
Mot Småsilhodnet ovanom Botnatjødna
Mot Småsilhodnet ovanom Botnatjødna
Nysnø på Nagaheia frå den kalde 17. mai-helga. Me ser Store Nagatjødna og innover mot Krøys
Nysnø på Nagaheia frå den kalde 17. mai-helga. Me ser Store Nagatjødna og innover mot Krøys
I den bratte oppstigninga mot Naganibba med utsikt mot Nagatjødnane og Krossfjellet
I den bratte oppstigninga mot Naganibba med utsikt mot Nagatjødnane og Krossfjellet
Klassisk utsikt over Svortingsvatnet frå Nibba. Me ser mot Jørpeland og bylandet
Klassisk utsikt over Svortingsvatnet frå Nibba. Me ser mot Jørpeland og bylandet
Snøkledd over 550 moh på Nagaheia og Revafjellet. I bakgrunnen dominerer Heia- og Småsilhodnet
Snøkledd over 550 moh på Nagaheia og Revafjellet. I bakgrunnen dominerer Heia- og Småsilhodnet
Vakker utsikt mot Hengjanevatnet og eidet mot Svortingsvatnet. Dominerande toppar er Husafjellet, Urhaugane og Neverdalsfjellet lenger bak
Vakker utsikt mot Hengjanevatnet og eidet mot Svortingsvatnet. Dominerande toppar er Husafjellet, Urhaugane og Neverdalsfjellet lenger bak
Eit stykke nedanfor toppen av Nibba med utsikt mot Svortingsvatnet. Til venstre dominerer Moslivarden, lenger til høgre bl.a. Tårnfjellet
Eit stykke nedanfor toppen av Nibba med utsikt mot Svortingsvatnet. Til venstre dominerer Moslivarden, lenger til høgre bl.a. Tårnfjellet
Mot Godlifjellet som vart for langt denne dagen
Mot Godlifjellet som vart for langt denne dagen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.