Fjellskitur i Skorve (13.05.2020)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 54min
Distance 18.6km
Vertical meters 884m
GPS
Ascents Hestenutan (1,281m) 13.05.2020

Starta ved Manarosdammen kl 0930 der eg møtte Hallgrim. Den faste påsketuren vår gjekk jo i vasken, men dette blei inga dårleg erstatning. Av og på med skia til vi kom til Kvislin, derifrå og opp var det flott skare og ganske tørr overflate. Vi gjekk vanleg rute oppover og fann rasteplass nedafor og vestafor Bøkretjønn. Rasta ganske lenge. Sjølv om lufta var kald, hadde vi le og full sol, så det var berre deilig. Ikkje noko særleg vind heller, ein trekk i lufta berre då vi heldt fram opp til trigpunktet. Nedover valde vi ein annan trasé, vi gjekk bort og rett under 1281-nuten. Derifrå ned skaret til Grasdalstjønni, som ingen av oss hadde vore på før. Derifrå følgde vi lia bort til rasteplassen under Bøkretjønn og så vidare heim forbi Stav. Litt kjedeleg med av og på med ski det siste stykket, men så fin skitur 13. mai er ikkje heilt vanleg i Langlim, og totalt sett var turen spektakulært fin! 18,6 km, 884 hm, var borte i nesten seks timar. Tid til nyting. Hallgrim var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.