Gitlandsåsen frå Lerangsvatnet (10.05.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Gitlandsåsen (267m) 10.05.2020

Flott tur til Gitlandsåsen som tidlegare gav navnet til skogverneområdet som i seinare tid er kraftig utvida til bl.a. å omfatta Hesten. Det var ikkje dumt å velja tur i lågare lende denne dagen, for snøgrensa på Jørpeland låg mellom 500 og 600 moh, utruleg nok, og veret var svært skiftande. Det gjekk med tette byger på fleire kantar, bl.a. i Høgsfjorden, men eg var heldig og gjekk klar. Det var nok 25 år sidan eg var inne ved Gåsavatnet og Brekketjødna sist. Eg hadde studert kartet godt, og då eg kom inn til glenna eller leirplassen ved inste enden av Brekketjødna, fann eg stien som skulle kunna føra meg beint opp bratta til aust for sjølve toppområdet. Etter kartet å døma var nok dette ein gammal ferdsleveg mellom Erlandsdalen og Lerang, og stien var delvis nødla og lett å følgja.

Dagens mål ovanom Gåsavatnet
Dagens mål ovanom Gåsavatnet
Flott høgreist foreskog under Gitlandsåsen
Flott høgreist foreskog under Gitlandsåsen

Frå flata under toppområdet gjekk det óg eit tråkk, og det gjekk ikkje lenge før eg var på dei øvste svaberga og heldigvis fekk flott utsikt. Som venta var det framifrå utsikt like ned i Gåsavatnet med Eldridåsen beint imot, og mot Høgsfjorden med Idse og Idsal, dessutan andre vegen mot Hesten og Viddasfjellet. Mot Kolabygda og Erlandsdalen var det dessverre skog som tok det meste av utsikten. Retur same veg og vel ein time på tur.

Toppunktet på Gitlandsåsen, med fjellbolten etter trigpunktet til venstre. For dei som må heilt til topps, er flyttblokka til høgre ei real nøtt, i alle fall utan medhjelpar
Toppunktet på Gitlandsåsen, med fjellbolten etter trigpunktet til venstre. For dei som må heilt til topps, er flyttblokka til høgre ei real nøtt, i alle fall utan medhjelpar
Flott utsikt ned i Gåsavatnet med Eldridåsen dominerande til høgre. På andre sida av Høgsfjorden sjåast Bersagel og Vårlivarden
Flott utsikt ned i Gåsavatnet med Eldridåsen dominerande til høgre. På andre sida av Høgsfjorden sjåast Bersagel og Vårlivarden
Utsikt litt meir vestleg mot bl.a. Idse og Idsal til høgre. Ellers ser me Stemmavatnet ovanom Bergsvika
Utsikt litt meir vestleg mot bl.a. Idse og Idsal til høgre. Ellers ser me Stemmavatnet ovanom Bergsvika
Mot Hesten og det snøkledde Neverdalsfjellet. Me ser óg såvidt Djupavatnet
Mot Hesten og det snøkledde Neverdalsfjellet. Me ser óg såvidt Djupavatnet
Mot Viddasfjellet og Varen med dalsøkket der Tjødnalitjødna ligg. Heilt til høgre er profilen av Uburen kjennesleg
Mot Viddasfjellet og Varen med dalsøkket der Tjødnalitjødna ligg. Heilt til høgre er profilen av Uburen kjennesleg
Mot Indra Ereviksvatnet og Høgsfjorden, der det går ei snøbyge inne ved Uburen
Mot Indra Ereviksvatnet og Høgsfjorden, der det går ei snøbyge inne ved Uburen
I nedstigninga der Brekketjødna skimtast mellom forestammane
I nedstigninga der Brekketjødna skimtast mellom forestammane
Ved Brekketjødna med tilbakeblikk mot Gitlandsåsen
Ved Brekketjødna med tilbakeblikk mot Gitlandsåsen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.