Tjønnpiken (10.05.2020)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 1t 00min
Distanse 4,5km
Høydemeter 435m
GPS
Bestigninger Nonshøa (1213moh) 10.05.2020 21:07
Tjønnpiken (1220moh) 10.05.2020 21:07

Akutt brakkesjuke førte til nærlesing av Yr på ein maidag som skulle vere prega av snøbyger. I dag kunne eg gjort meg fortent til ei sånn "Eg treng ikkje psykolog - berre ein tur på fjellet"-skjorte, så målet for dagen var først og fremst å kome seg ut.

På Nerskogen skulle det vere moglege moglegheiter, så eg køyrde dit med mål om to enkle og korte turar. Lavthengande raude teiknestiftar. Ja, gitt alt snøværet så kunne det kanskje bli litt fin skikøyring også!

På Nerskogen var det berre fuglelivet som minna om at vi tross alt ser mai: vipe, bekkasin, tårnfalk (?) og diverse vadefuglar. Er det ei glødande ornitologi-interesse som gjer at så mange vil ha hytte her?

På skaret var det i alle fall berre å ta skia på i vegkanten, for her var det snø i massevis. Etter lett gange i tørr og fin nysnø var eg på Nonshøa, og deretter raskt til Tjønnpiken.

Det var jo ikkje så langt til Svahøa herifrå, men akkurat Svahøa har eg litt dårlige minner frå då eg rota meg inn i dårlig vær aleine på tur frå Gjevilvasshytta for 3 år sidan. Dårlige beslutningar i tvilsomt terreng høgt til fjells satte ein støkk i meg.

Så med snøbyger både her og der i området var det berre å vrikke seg ned finfin styresnø tilbake til bilen, og køyre vidare til neste turmål: Storgruvpiken.

Nonshøa
Nonshøa
Tjønnpiken og Nonshøa frå parkeringa til Storgruvpiken
Tjønnpiken og Nonshøa frå parkeringa til Storgruvpiken
Starttidspunkt 10.05.2020 11:35
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 10.05.2020 12:36
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 1t 01min
Bevegelsestid 0t 57min
Pausetid 0t 4min
Snittfart totalt 4,4km/t
Snittfart bevegelsestid 4,7km/t
Distanse 4,5km
Høydemeter 435m

Kommentarer

  • -
    avatar

    Fine tegnestifter dette

    Skrevet av Affen 13.05.2020 15:40

    Og den T-skjorta har jeg også hengende i skapet :-)

    • -
      avatar

      Sv: Fine tegnestifter dette

      Skrevet av kobbenes 13.05.2020 21:36

      ja, flotte teiknestiftar! reknar med det er fleire som har det slik! tur etter evne og behov :-)

      eg reiste ut som ein sliten og deppa fyr om morgonen, og kom heim som ein glad laks med nyvaska hjerne. Merkelige saker...

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.