50 år på Heiahodnet! (16.03.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Heiahornet (775m) 16.03.2020

50-årsdag og dagen fri for tur, og det måtte bli i Jørpelandsheia! Etter strålande vermelding og ditto flott morgon i ytre strøk, var det skuffande grått og lågt skydekke innover i Ryfylke. Ved Liarvatnet fall valget på Småsilhodnet om Småsildalen, mest fordi hodnet akkurat kikka fram frå skodda. Trass i at det truleg var mykje snø på nordsida av hodnet, let eg skia vera att i bilen, snøfritt som det var i alle fall til 550 moh.

Ved Liarvatnet kom det ein heil sverm gråsisik som "surra" nesten som sidensvans, men sjølvsagt mykje mindre og ikkje til å forveksla. Fint men vått innover dalen, og kom opp i snøen der stien brekk over kanten. Herifrå og vel 100 hm vart det tung snøvassing med mange gjennomslag, før eg kom opp i meir avblåst lende med hardare snø. Ved vegdelet mot Heiahodnet var det eit lett valg å heller gå på høgste hodnet fordi det truleg var mykje meir snø mot Småsilhodnet.

Mot Heia- og Småsilhodnet før passering av Småsilbekken
Mot Heia- og Småsilhodnet før passering av Småsilbekken
Ved Midttjødna i Småsildalen med Botnafjellet inst i dalen
Ved Midttjødna i Småsildalen med Botnafjellet inst i dalen
Vel oppe av Småsildalen med utsikt mot Botnatjødna og Naganibba
Vel oppe av Småsildalen med utsikt mot Botnatjødna og Naganibba
Tung snøvassing over 550 moh! Her mot Botna- og Krossfjellet
Tung snøvassing over 550 moh! Her mot Botna- og Krossfjellet

Som tenkt, så gjort, og eg fekk ein grei tur til topps i Strand, med fin utsikt mot kjende toppar og vatn. Mest merkbart var at det knapt var is på nokon vatn, og nesten ikkje snødekke, anna enn på Brogaheia og Revafjellet/Nagaheia. Retur same veg fordi eg var usikker på snødekket på nordsida av Heiahodnet. Snøvassinga gjorde nok at turen tok ein times tid lenger enn på tørt føre, for eg var nesten 3 ½ timar på tur.

Frå oppunder Heiahodnet mot Holmavatnet
Frå oppunder Heiahodnet mot Holmavatnet
Frå om lag same staden mot Liarknuten og Tysdalsheia med Krunefjell
Frå om lag same staden mot Liarknuten og Tysdalsheia med Krunefjell
Fornøgd på Heiahodnet!
Fornøgd på Heiahodnet!
Mot Småsilhodnet med Revafjellet bak
Mot Småsilhodnet med Revafjellet bak
På vardepunktet lenger vest med utsikt mot Dalen og Jørpeland
På vardepunktet lenger vest med utsikt mot Dalen og Jørpeland

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.