Brendeknuten og Skorva (21.04.2012)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Brendeknuten (815m) 21.04.2012
Brunfjellet (838m) 21.04.2012
Kolleåsen (720m) 21.04.2012
Nonsskardheia (725m) 21.04.2012
Saupstølheia (732m) 21.04.2012
Skorva (870m) 21.04.2012

Gjekk frå Bjødnabu på sti det første stykket før eg gjekk over Saupstølheia og opp i skaret mellom dei to toppane til Brendeknuten. Besteig først sørtoppen som er nesten like høg som hovedtoppen. På hovedtoppen er det stor varde og ei lita bu med solcellepanel til lading av en sender. Gjekk så nedover mot Undestølsvatnet, og det var en del mjuk snø i det austvendte terrenget. Det går sti langs vatnet, men eg tok den lette veien over isen, som var ca 30 cm, før eg tok fatt på den nesten snøfrie sørsida til Kolleåsen.
Et stykke oppe i lia haurte eg hamring og banking og eg tenkte det kunne være vedhogst som foregjekk. Det viste seg derimot at det var sjølvaste "Snøhulemannen" frå Hjelmeland, som det blei laga film om for 2-3 år siden, som hogde ut steinblokker i ei steinhule. Me slo av ein drøs før eg gjekk videre til toppen. Derfra ned i Nonsskardet over Nonsskardheia og ned i dalen aust for Storsteinvatnet. Videre opp til Skorva var det en del snø i nordhellingane. Flott varde på Skova, og frå et punkt søraust for toppen kunne eg sjå ned til Trodla-Tysdal i austenden av Tysdalsvatnet. Gjekk videre vestover i snøen og passerte Myklagardsvatnet på vei til Brunfjellet. Gjekk så ned til Solheimsstølen, og derfra fulgte eg stien tilbake til Bjødnabu. 12t på tur i ganske godt ver med mykje sol første del av dagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.