Frå Preikestolhytta til Jørpeland om Moslivarden mm. (30.11.2019)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Moslifjellet (718m) 30.11.2019
Sauafjellet (635m) 30.11.2019
Tårnfjellet (638m) 30.11.2019

Flott godverstur siste dagen i november, glatt på våte berg og eit lite snødryss. Første turen min frå Preikestolhytta til Jørpeland. Hadde ein bil ved kraftstasjonen og tenkte å koma ned om Kjellbrekk og Selemork.

Gjekk normalvegen til Moslivarden om Preikestol-stien og Slåtteskardet, flott og vintraleg i høgda. Det seig på med litt skodde rundt oss, men ikkje der me var og skulle vidare. Fann grei veg vidare nordover mot Sauafjellet, først ned og rundt ein del hamrar og sva, sidan opp til ei stor klovna flyttblokk der me tok ein god mat- og kaffipause i sola. Ikkje akkurat nokon steik, men brukbar varme og ikkje minst vindstilt.

På veg mot Slåtteskardet
På veg mot Slåtteskardet
Frå oppunder Moslivarden mot Troppevatnet og Lysefjorden
Frå oppunder Moslivarden mot Troppevatnet og Lysefjorden
Vintraleg på Moslivarden
Vintraleg på Moslivarden
Eit stykke nedanfor Moslivarden med utsikt nordover. Me ser den markerte Naganibba og Godlifjellet til høgre, dessutan ein flik av begge Buksetjødnane
Eit stykke nedanfor Moslivarden med utsikt nordover. Me ser den markerte Naganibba og Godlifjellet til høgre, dessutan ein flik av begge Buksetjødnane

På vegen ned frå Moslivarden kom me ut på kanten av stupet mot Åstølstjødna og kunne óg studera det særmerkte "Jutulhogget" nedanfor tjødna på nordsida. Her må det ha vore kjempekrefter i sving for lenge sidan; ikkje mange som går her inne og får med seg dette.

På stupkanten mot Moslivatnet og Åstølstjødna
På stupkanten mot Moslivatnet og Åstølstjødna
Magasug på stupkanten mot Åstølstjødna. Homsknuten dominerer i horisonten
Magasug på stupkanten mot Åstølstjødna. Homsknuten dominerer i horisonten
Mot det særmerkte "Jutulhogget" ovanom Åstølstjødna. Sauafjellet der me skal over, ligg bada i sol i bakgrunnen
Mot det særmerkte "Jutulhogget" ovanom Åstølstjødna. Sauafjellet der me skal over, ligg bada i sol i bakgrunnen
Mot Naganibba og ytre Buksetjødna, med Kruna framfor Godlifjellet til høgre
Mot Naganibba og ytre Buksetjødna, med Kruna framfor Godlifjellet til høgre
Mot Moslivatnet og Åstølstjødna
Mot Moslivatnet og Åstølstjødna
På veg ned dei siste skrentane nord for Moslivarden
På veg ned dei siste skrentane nord for Moslivarden
Nedanfor oppstigninga mot Sauafjellet, med klovsteinen oppe til høgre
Nedanfor oppstigninga mot Sauafjellet, med klovsteinen oppe til høgre
Mot ytre Buksetjødna og Kruna
Mot ytre Buksetjødna og Kruna
Ved den massive klovsteinen
Ved den massive klovsteinen
Straks klart for kaffi!
Straks klart for kaffi!
Utsikt mot Moslivatnet frå kvileplassen ved klovsteinen
Utsikt mot Moslivatnet frå kvileplassen ved klovsteinen

Etter pausen vidare opp på ryggen mellom Sauafjellstjødnane og til varden på Sauafjellet, første gang på 27 år for min del. Så greit til topps på utsiktstoppen med det framande navnet Tårnfjellet; absolutt ikkje eit typisk lokalnavn.

Frå aust på Sauafjellet med utsikt austover mot bl.a. Godlifjellet og ytre Buksetjødna
Frå aust på Sauafjellet med utsikt austover mot bl.a. Godlifjellet og ytre Buksetjødna
Frå ryggen over Sauafjellet med utsikt nordover. Me ser den austlege av dei nordre Sauafjellstjødnane og Naganibba
Frå ryggen over Sauafjellet med utsikt nordover. Me ser den austlege av dei nordre Sauafjellstjødnane og Naganibba
Frå same staden mot dei vestlege av dei nordre Sauafjellstjødnane
Frå same staden mot dei vestlege av dei nordre Sauafjellstjødnane
Frå ryggen over Sauafjellet med utsikt sørover mot den største av Sauafjellstjødnane og Moslivatnet
Frå ryggen over Sauafjellet med utsikt sørover mot den største av Sauafjellstjødnane og Moslivatnet
Ved toppvarden på Sauafjellet. Naganibba dominerer som vanleg i bakgrunnen
Ved toppvarden på Sauafjellet. Naganibba dominerer som vanleg i bakgrunnen
Luftig på Sauafjellet med utsikt mot Moslivatnet og -tjødnane
Luftig på Sauafjellet med utsikt mot Moslivatnet og -tjødnane
Mot den største Sauafjellstjødna. I bakgrunnen ser me ein flik av begge Buksetjødnane og Husafjellet ved Hengjane til venstre
Mot den største Sauafjellstjødna. I bakgrunnen ser me ein flik av begge Buksetjødnane og Husafjellet ved Hengjane til venstre
Frå Sauafjellet mot Tårnfjellet og ein flik av Tinturvatnet med Lomafjellet til venstre
Frå Sauafjellet mot Tårnfjellet og ein flik av Tinturvatnet med Lomafjellet til venstre
Mot Svortingsvatnet og Naganibba
Mot Svortingsvatnet og Naganibba
Flott utsikt frå Tårnfjellet mot Rovadalstjødna og Tinturvatnet. Me ser jamvel heilt til Jørpeland
Flott utsikt frå Tårnfjellet mot Rovadalstjødna og Tinturvatnet. Me ser jamvel heilt til Jørpeland
Toppglede på Tårnfjellet!
Toppglede på Tårnfjellet!
Sauafjellet sett frå Tårnfjellet
Sauafjellet sett frå Tårnfjellet

Herifrå var det merka trase bratt ned i Rovadalen, og så var det kjende stiar til bilen via Tinturvatnet, Kjellbrekk og Selemork. 6 flotte timar på tur frå A til B i Jørpelandsheia, ganske utanom allfarveg. Om lag 700 hm stigning og 850 hm nedtur.

Nedstigning mot Rovadalen
Nedstigning mot Rovadalen
"Monstermaster" gjennom Rovadalen
"Monstermaster" gjennom Rovadalen
Ved Rovadalstjødna med tilbakeblikk mot Tårnfjellet i kveldssol
Ved Rovadalstjødna med tilbakeblikk mot Tårnfjellet i kveldssol
Mot Moslivarden og -vatnet
Mot Moslivarden og -vatnet
Ved utløpet av Tinturvatnet. Me ser steinen med hidleren og skimtar fiskarhytta
Ved utløpet av Tinturvatnet. Me ser steinen med hidleren og skimtar fiskarhytta
Solnedgang over Tømmervatnet etter ein framifrå tur
Solnedgang over Tømmervatnet etter ein framifrå tur

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.