Toppraid i søre Strand #1 (03.11.2019)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Storvarden (146m) 03.11.2019
Ådnanesnuten (260m) 03.11.2019

To høvelege toppar på pf≥100m lista for Strand ein novemberkveld. Først Ådnanesnuten frå Svinesvika, snaue timen opp og ned på veldig god skogsti. Merkverdig at eg ikkje har vore på denne fine utsiktstoppen før, men me har nok prioritert den klart høgare Hesten i alle år.

På Ådnanesnuten, såvidt over tregrensa. Me ser Moslivarden og Neverdalsfjellet
På Ådnanesnuten, såvidt over tregrensa. Me ser Moslivarden og Neverdalsfjellet
Utsikt mot Jørpeland
Utsikt mot Jørpeland
Utsikt mot Skjersvika (Vigå) flankert av Tunglandsfjellet og Øykjafjellet. Bak ser me Tibergfjellet, Ternefjellet, Guromyrfjellet og Homsknuten
Utsikt mot Skjersvika (Vigå) flankert av Tunglandsfjellet og Øykjafjellet. Bak ser me Tibergfjellet, Ternefjellet, Guromyrfjellet og Homsknuten
Mot bylandet og Idse
Mot bylandet og Idse

Det var akkurat nok lys att til å få med seg Storvarden på Idse etterpå. Dette var grei skuring frå P-plassen ved hyttefeltet sør for toppen. Herifrå gjekk eg gjennom ein hyttehage og busha til topps. Ingen høydare med moderne infrastruktur og skog, men fin utsikt mot Høgsfjorden på veg opp.

På toppen av Idse, for anledninga i blitslys
På toppen av Idse, for anledninga i blitslys

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.